måndag 30. november 2009

Himmel i dag

Aust



Sør




Vest


Nord



Oppdatering 14:22

Blåtime i aust




Sjokoladetrøflar

Nyleg prøvde eg meg på noko eg ikkje har gjort før: Sjokoladetrøflar. Sia eg ikkje har gjort det før, laga eg ein liiiiten porsjon:

7 cl kremfløyte
1 ts pulverkaffe
70 g Valrona sjokolade, 85 %
15 gram meierismør

Vispa fløyten lett, og kokte den opp saman med pulverkaffe. Trakk kjelen av plata. Hakka/reiv sjokoladen og hadde den i fløytekaffen. Rørte forsiktig til det var oppløyst. Hakka smøret og rørte det i. Hadde alt i ein bolle og avkjølte, først på benken så i kjøleskap med plastfolie over. Tok ein liten smakebit - og store alpakka så bittert det var!

Korfor vart det så bittert? Ekstremt mørk sjokolade som visstnok skal ha eit hint av tobakk, kunne jo ha vore ein peikepinn. Å tilsetje kaffe til så mørk sjokolade, kunne jo vere eit anna hint. Alt i alt så er det slett ikkje så rart det blir bittert; det er jo nesten ikkje sukker i... Men, sjølv om det var ekstremt bittert, så var det likevel ein veldig god smak av sjokolade der ein stad, og eg hadde ikkje det minste lyst til å hive Valrona'en i søpla. Så kva gjer ein då?

80 g lys kokesjokolade
5 cl kremfløyte

Kokte opp fløyten, trakk kjelen av plata. Hakka sjokoladen og løyste den opp i fløyten. Avkjølte i ein bolle, først på benken, så i kjøleskap med plastfolie over. Lot begge blandingane stå over natta.

Dgen etter trilla eg trøflar med ein liten dæsj av den mørke blandinga og ein liten dæsj av den lyse blandinga, før eg til sist rulla dei i vanleg bakekakao:


Trøflane er testa på eit lite og lite representantivt utvalg - opphavet og meg sjølv. Vi likte det. Men eg har dei siste åra forandra smak frå å berre like lys sjokolade, til å mislike lys sjokolade og elske mørk sjokolade.

Eg vil uansett ikkje tilrå den omvegen eg tok ved å lage to sjoladeblandingar. Bruk sjokolade som har rundt 50 - 60 % kakaoinnhald, så vil det helst gå bra. Sjokoladetrøflar er himmelsk godt, og eg skal i alle fall prøve ein gong til før det blir jul :-) Nokon andre som har trøffelerfaringar dei vil dele?

Velbekomme!

Natt

Ser på månen.
Leiker med lukketid.



Leggetid.
Burde sove.

søndag 29. november 2009

Første søndag i advent



Søndagsfri i fjøsbygginga til naboen.
Eg burde vaske vindu.

Muffins med sitronmarmelade



Eg har ei dragning mot Starbuck's når eg er i byar der slike finst. Dette til tross for at eg alltid er litt småkvalm når eg går ut derifrå. Latten er litt for mektig, og kakene er litt for søte, og i sum blir det akkurat litt for mykje. Men, på Starbuck's må eg. Her er muffins som er inspirert av slikt som ein får på kaffehus rundt om:

100 g smør, helst usalta
250 g sitronmarmelade
300 g sikta kveitemjøl
2 ts bakepulver
90 g sukker
2,5 dl mjølk
2 egg

Ha smør og marmelade i ein kasserolle og varm forsiktig til smøret er smelta. Avkjøl litt. Bland mjøl og bakepulver og sikt det i ein bakebolle. Rør i sukker. Pisk mjølk og egg lett saman og bland i mjølet. Rør i smør og marmelade. Her verken treng eller skal du røre mykje, røra skal berre bli blanda:


Fyll store muffinsformer trekvartfulle. Steik på 200 grader nestnedst i omnen i 20-25 minutt. Avkjøl på rist.

Eg brukte fullkornskveitemjøl fordi eg synest det er godt. I oppskrifter flest er det brukt appelsinmarmelade i slike kaker, men eg hadde ein sitronmarmelade som strengt tatt ikkje var så god, så derfor brukte eg den. Den litt bitre smaken gjorde seg i ei søt kake.



Velbekomme!

laurdag 28. november 2009

Snø i dag



Björg

Eg har fått eit fint bilete av Björg Thorallsdottir opp på veggen:



"En ny verden"
er kjøpt på Galleri Hildreland her heime i Bø. Der kan ein kjøpe fine julegaver! Og bursdagsgaver :-)

Takk til opphavet :-*

fredag 27. november 2009

Pakke!

Pakke i posten er alltid kjekt. Pakke på døra er endå kjekkare.
Pakke på døra + veldig søt venninne = adventskos:


Juhu! Bake meir!

Omnsbakt kveite

Ein fin kveitefilet på omlag 600 gram viste seg å vere pittelitt meir enn nok til tre vaksne. Slik gjorde eg:

Delte fileten i porsjonsstykke. Blanda ganske mykje olivenolje, kvitløk, balsamicoeddik og 2 laurbærblad i ei eldfast form. La fisken i og lot han trekke litt:


Steikte på 140 grader, nestnedst i omnen, i 8 minutt. Tok fisken ut og lot han trekke litt medan eg laga topping. Til det brukte eg cherrytomat, soltørka tomat, grønne oliven, sjalottløk, pinjekjernar, rosiner, sitronsaft, salt og peppar. Hadde toppingen på fiskestykka...


...og bakte i omnen på 200 grader i 3-4 minutt, deretter 140 grader i 3-4 minutt. Det vart eit lite hakk for lenge; truleg fordi eg var litt for redd at det ikkje skulle bli steikt. *noterer bak øyret*

Tilbehør vart potetstappe og brokkoli, og denne sausen inspirert av Lofotkokken Mareno Storeide:

1 sjalottløk
1 ss smør
1 ts karri
3 dl kremfløyte
7 dl fiskekraft
2 ts maisenna
2 dl hermetiske maiskorn
100 g krossade tomater

Surr løken i smør saman med karri, til han blir blank. Ha i fløyte og kraft og kok til halv mengde. (Det tar si tid.) Rør maisenna ut i kaldt vatn og jamn sausen til han er passe tjukk. Ha i mais og tomat rett før servering.

Maisen klarte vi eigentleg ikkje å skjønne hadde nokon misjon, men han var ikkje i vegen heller. Så: Likar du mais, ha i mais; er du ikkje så begeistra for mais, dropp det. Eg hadde ikkje fiskekraft og brukte fiskebuljong. Eg fekk heller ikkje tak i grasløk og persille som sikkert hadde vore godt i. Men eg skal ikkje klage; eg hadde kveite :-)


Kveita har ord på seg for å vere ein hellig fisk. Så kvit og fast i kjøttet at det er knapt så ein kan tru det.

Velbekomme!

torsdag 26. november 2009

Ingvild sine knekkebrød


3 dl sammalt grov rug eller kveite
3 dl store havregryn
2 dl solsikkefrø
2 dl sesamfrø - eventuelt iblanda linfrø om du likar det
6 dl vatn
litt salt

Bland det tørre, og rør i vatn. Set omnen på 200 grader, og la røra stå og svelle medan omnen blir varm. Kle langpanna to steikeplater med bakepapir. Fordel deigen på platene, og bruk gjerne ein slikkepott til å jamne deigen.

Steik på varmluft, 170 grader, nestnedst og nestøvst i omnen, 20 minutt. Ta platene ut av omnen, del i passe store knekkebrødstykke, og steik vidare i nye 20-35 minutt. Følg med på slutten, så det ikkje blir brent. (Har du ikkje varmluftsfunksjon, byttar du plass på bretta etter at du har ruta opp knekkebrøda.) Ta ut av omnen og tørk knekkebrøda på rist på 100 grader i ein til to timar. Du må berre prøve deg fram - tørketida kjem an på deigen og omnen og panna og alt. Dei skal tørkast til dei er heilt tørre. Avkjøl på rist, og oppbevar knekkebrøda i tett boks.




Bruk gjerne varmluftfunksjonen også når du tørkar knekkebrøda. Eg finn ut at det funkar bra å setje døra litt på gløtt (omnsdøra altså) for å sleppe ut dampen.

Velbekomme!


Oppdatering 24.01.10
Hos Hobbykokken fann eg Mykstart sine knekkebrød. Det er ikkje store forskjellar på ingrediensane, men eg har testa og vil anbefale måten ho tørkar knekkebrøda på: Sett døra på gløtt og avkjøl knekkebrødene i ovnen når de er ferdig. Så enkelt, ja! ;-)


Inn i mørketida

Lengre sør i landet har eg treft mange som har hatt ei førestelling om at mørketid betyr at det overhodet ikkje er lys. Men lys har vi - vi har berre ikkje fullt dagslys, for sola kjem ikkje over horisonten.

På grunn av prosaiske forhold som fjellformasjonar og slikt, så er det store lokale variasjonar i forhold til når det er offisiell mørketid. Her hos meg er det sånn omtrent i desse dagar :-) Utsikt frå loftet i formiddag:

Nostalgi

Sist eg var i Oslo, hadde eg ærend hos skomakaren. Det er ein veldig triveleg ein ikkje langt frå Stortinget, og der kom eg over desse tøflane:



Eg hugsar slike tøflar på mor mi sine føtter då eg var lita, og mor mi seier at eg hadde slike tøflar sjølv, så då er det kanskje ikkje så rart at dei måtte vere med meg heim? Eg bytta gladeleg ein hundrelapp mot slike minne.

Då minste tanteungen såg dei, tok ho dei straks på seg og sa: "Å, dissan tøflan va koselig!" Det er kjekt å kunne smitte den yngste generasjonen med litt nostalgi :-)

onsdag 25. november 2009

Frukt- og nøttebrød


600 g tørka frukt
400 g nøtter
100 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
3 egg

Grovhakk frukten og nøttene. Bland i kveitemjøl og bakepulver. Pisk egga lett saman og arbeid saman til ein deig. Her er det nok inga anna råd enn å ta hendene til hjelp.

Kle ei brødform med bakepapir. Press deigen ned i forma. Dekk toppen med bakepapir.

Steik nestnedst i omnen på 160 grader, i 60 - 80 minutt. Det er ikkje heilt lett å vite når det er passe steikt, men det skal i alle fall ikkje sitje noko fast på fyrstikka. Avkjøl på rist.



Denne oppskrifta har eg klipt ut av Kamille. Eg har brukt aprikos og svisker fordi det er det eg får tak i her, men det er sikkert veldig godt med tørka eple i også. Brødet er nydeleg til blåmuggost og noko søtt, som fikenmarmelade.

Velbekomme!

Västerbottensost

Eg er så veldig glad i ost! Her er det Chevré frå Hukeli, blåmugg frå - eh? - den er i alle fall kjøpt på Helmersen Delikatesser i Tromsø. Brie'en var veldig god, og den faste kvite avlange saken er svensk:


De får ha medynk med anrettinga her; det var seint i måltidet. På tallerkenen ligg forresten også eit godt frukt- og nøttebrød og ein kladæsj med heimlaga kreklinggelè, men no var det ost det skulle handle om.

Den faste osten er ein Västerbottensost som eg fekk då eg var på eit møte i Umeå (ikkje spør). Eg må innrømme at eg la ikkje særleg vekt på den gåva - før eg smakte. Osten viste seg å vere fantastisk! "Sterk, aromatisk og pikant" er produsenten sine ord. Nam, seier eg.

(foto frå http://www.vasterbottensost.com)

Eg vart svært optimistisk då eg fann ut at det fanst ein web-butikk der ein kunne få tak i Västerbottensost. Men når noko er for godt til å vere sant, så er det ofte for godt til å vere sant:
Hej Åsa och tack för ditt mejl! Det är jätteroligt att höra att du uppskattar vår goda Västerbottensost! Vi har ännu inte startat export till Norge men vi vet att den i alla fall finns på Mathuset Jacobs på Holtet i Oslo. Vi tittar på möjligheter att exportera till Norge och hoppas att vi inom närmaste året ska finnas där också.

Med vänliga hälsningar

...

Seinare har eg lese eg at kjøkkensjef Bjørn Svensson på Restaurant Oscarsgate vil ha Västerbottensost når han er i Sverige. Kanskje vi treffest på Jacobs neste gong eg er i Oslo?

tysdag 24. november 2009

Sjokolademuffins med kesam



3 egg
2 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1 dl kakao
1 ss pulverkaffe rørt ut i 1 ss kokande vatn
2 ts vaniljesukker
1 klype salt
250 g vaniljekesam
2 ss rapsolje

Visp saman egga, ha i sukker og visp til eggedosis. Bland saman det tørre, sikt i eggedosisen. Ha i kesam, kaffe og olje. Rør saman med ein slikkepott. Bland godt, men ikkje slå ut all lufta.

Steik midt i omnen på 180 grader, i 20 minutt. Avkjøl på rist.
Sistgongen presterte eg å gløyme bakepulveret...men dei heva seg og smakte godt likevel:




Tips I: Eg har brukt fullkornkveite i staden for vanleg sikta kveitemjøl. Tru meg, det smakar godt!
Tips II: Olje kan erstattast av smelta smør, og ein kan auke sukkermengden til 2,5 dl om ein likar det søtare.

Velbekomme!

Bøfjerding på besøk på Bagatelle

Åh.
Sukk.

I dag er det litt grått ute, og eg sit og drøymer meg tilbake til Bagatelle. Bagatelle har stått på lista mi over "ting eg skal gjere før eg døyr", men avanserte etter kvart til lista over "ting eg må gjere før eg forlet Oslo". I slutten av september kunne eg markere check på lista!

Mobilkamera kan ikkje rettferdiggjere alt det gode og vakre, men gode minne er det likevel - sjølv om det var berre nokre av rettane som var foreviga. Her er Salma med tunfiskmajo, tørka kapers og crisp på tunfisk:




Det var sjømaten som gjorde sterkast inntrykk på meg. Her er kamskjell med estragon beurre blanc, servert med kantarellar og traktkantarell:




På Bagatelle fekk eg ei kraftig påminning om at eg aldri meir skal tru at eg ikkje likar noko; "eg likar ikkje foie gras". Joda, det gjer du - sjølv om du ikkje likar fôringsmetoden. Pannesteikt foie gras med bringebær, limekompott, servert med 6 typar salt:




Osten vil eg ikkje leggje ut bilete av, for det var så seint i måltidet at fotografen var ikkje heilt fokusert. Desserten har eg ikkje klart å få på bilete i det heile tatt, men eg minnest at eg var så mett at eg sat og såg med sorg på det eg ikkje klarte spise. Vi valde ti-retters meny med vinmeny, og då blir ein veldig mett og sånn. Stor takk til bordkavaleren som var klok nok til å ta notatar frå måltidet :-*




Eg er ikkje så inne på vin sånn reint teoretisk, men eg veit og har erfart at det er den gode kombinasjonen av mat og vin som løftar eit måltid til himmels. Det var himmelsk å spise på Bagatelle, og eg har notert meg at til sjømaten var Kloster Eberbach, Berg Schlossberg 2008 alledeles nydeleg.

Er Bagatelle verdt ein omveg? Utan tvil!
Eit nytt besøk på Bagatelle er på lista mi. Ei eller anna liste.

måndag 23. november 2009

Grooove rundstykke og pizzasnurrar



4 dl heilkorn av kveite
2 dl solsikkefrø
0,5 dl sesamfrø
0,5 dl linfrø
4 dl kokande vatn
1 pakke gjær
3 dl vatn
3 ss olivenolje
1 ts salt
1 ts sukker
3 dl sammalt kveite, grovt
3 dl fullkorn kveitemjøl
1-2-3 dl sikta kveitemjøl

Bland heilkorn og frø i ein bolle, kvell over kokande vatn, og la det stå til det blir lunka.

Varm vatn tilpassa gjærtype. Løys opp fersk gjær om du brukar det. Ha i olje, salt og sukker. Ha i den lunka blandinga av heilkorn og frø. Brukar du tørrgjær, rører du henne inn i det sammalte kveitemjølet, og så kan eltinga begynne. Godt og lenge skal det eltast. Ha i fullkornskveitemjølet etter litt elting. Kna til slutt inn sikta kveitemjøl til passeleg deig, som dei seier. Kor mykje meir mjøl som trengst, kjem heilt an på - på mjølet, på eltinga, på dagsformen. Men lag for all del ikkje deigen for fast. I dag hadde eg i grovhakka grønne oliven og soltørka tomat heilt til sist.

La deigen heve i bollen så lenge du har tid, og så lenge du synest at det trengst. Eg delte deigen i to. Av den eine halvdelen laga eg små rundstykke. Dei blir nok gode til ei suppe ein gong. Av den andre delen laga eg pizzasnurrar:

Klappa ut deigen til ein avlang leiv. Smurte på Heinz Chilisauce. Hadde på grovsnitta skiver av god spekepølse, litt ekstra oliven, litt norsklaga Chevrè - og toppa med vanleg pizzaost. Eg brukte med andre ord diverse restar frå kjøleskapet :-)



Etterhev lenge nok. Her er det berre å vere tolmodig. Steik på 220 grader nestnedst i omnen, i 10-15 minutt avhengig av storleik. Og omn. Og dagsform.


Avkjøl på rist. Pizzasnurrane smakar best avkjølt.

Velbekomme!

Ps. Likar du det ikkje så grovt, byttar du berre ut fullkornskveitemjølet med vanleg sikta kveitemjøl.
Og forresten: kveite er ikkje berre ein fisk... ;-)

Mandelmakronar


Eg har til gode å treffe nokon som ikkje likar mandelmakronar. Passe seige, passe sprøe, passe søte... Vel, dei kan vere for søte, men eg har prøvd å redusere sukkeret med resultat at konsistensen ikkje blir heilt som eg vil han skal vere. Då får ein vel heller nøye seg med ein makron. I gongen :-)

Denne oppskrifta er favoritten min - henta frå boka "Bare sjokolade" av konditorane Nina Sjøen og Sverre Sætre:


Mandelmakroner

130 gram skåldede mandler
170 gram melis
2 ts kakao
80 gram sukker
100 gram eggekvite (av om lag tre egg)

Mal de skåldede mandlene sammen med melis og kakao. Det er viktig at dette blir veldig finmalt. Ekspertene sier mandelkvern, jeg har ikke det og bruker foodprocessor.

Pisk eggekvitene stive - helst for hand. Ha i litt og litt sukker. Visp til det blir blankt og stivt. (Kokketriks: tørk over glassbolle og visp med kjøkkenpapir dyppa i eddik, ha i litt salt.) Sikt i mandelmelet, bland godt, men ikke slå ut all lufta.

Bruk sprøytepose. Lag runde pletter, 2-3 centimeter i diameter - med litt avstand. Hvordan man har laga røra, har mye å si for hvordan makronene blir når de blir stekt. Er røra flytende, vil de renne utover. Er deigen fastere, vil de ikke øke så mye i volum og beholder formen.

La makronene tørke i 20 minutt på kjøkkenbenken. Steik dem midt i ovnen på 170 grader i om lag 15 minutt. Steiketida varierer - her må en bare prøve seg fram. Jeg har aldri opplevd at makronene ble for lite stekt, men det er fort gjort å steke dem for mye.





Avkjøl makronene på steikebrettet, og oppbevar dem i tett boks. Makronene er best når de er sprø utenpå og seige inni. Blir de for sprø, kan du sette dem i kjøleskapet over natta.

Velbekomme!

Velkommen til Bøfjerding!

Eg har lese ein stad at det finst om lag halvparten så mange bloggar som blogglesarar i Norge. To lesarar per blogg er ingen god grunn til å etablere endå ein, men eg har gjort det likevel.

Eg har sett meg som mål om å vere personleg men ikkje privat, engasjert men ikkje nødvendigvis politisk, reflekterande men ikkje omstendeleg. Kanskje blir bloggen i tillegg eit spark bak slik at eg endeleg lærer foto? Bloggar med gode bilete er digg!

Velkommen til Bøfjerding - eg håpar du vil henge med vidare!