søndag 31. januar 2010

Friluftsliv lizzm


Korleis steiker ein pinnebrød på bål?


Denne metoden fungerte ikkje...


...ikkje denne heller.

laurdag 30. januar 2010

Lørdagsgodt


Vi skal snakke meir om makronar ein annan dag...


...no er det helg!

fredag 29. januar 2010

Vinmeny


Eg klarer ikkje å få kunnskap om vin til å setje seg i hjernebarken. Men eg stolar på Vinmonopolet. Der har dei både kunnskap og engasjement, og eg har sjelden vorte skuffa når eg har fulgt råda deira.


Biletet viser vinane vi drakk ved ei veldig spesiell anledning for nokre ukar månader sia. Gul enke (Champagnen med det franske namnet Veuve Clicquot) servert til blini med lodderogn var rett og slett himmelsk. Til svinenakke med rotgrønnsaker og fløtepotetar, drakk vi ein halvtørr Riesling (Weingart), og den likte vi alle. Eg trur kanskje at det var berre eg som syntest at også Riojaen (Baron de Ley Reserva) var god til hovudretten.

Til osten drakk vi portvin, og til desserten drakk vi dessertvin. Men det fall vel eigentleg ikkje i smak hos nokon av oss? Pussig. Eg har då likt portvin andre stader, og sjølv om dessertvin ikkje er nokon favoritt brukar det å vere heilt ok. Det var heldigvis meir igjen av champagnen... Kanskje vi tar tre flasker champagne neste gong i staden for portvin og dessertvin? ;-)

No er det i alle fall fredag - prøve ny vin denne helga? I så fall anbefaler eg den kvite Rieslingen til svinekjøtt. Prøv! Du vil bli overraska over kor godt det matchar. God helg alle glade!

torsdag 28. januar 2010

Ut og spise i Oslo


Ut og spise? Kor skal vi gå?
Her er mine 10 favorittar i Oslo:
  1. Dinner (Stortingsgata, sentrum)
    - Herleg og sterk mat frå det kinesiske Szechuan-kjøkkenet; dette liknar ikkje det minste på kinamaten som nokon har lurt nordmenn til å tru at kinamat er. Rimeleg sett i forhold til kvaliteten.

  2. Plah Bar og Restaurant (Hegdehaugsveien, Homansbyen)
    - Thai-inspirert europeisk kjøkken. Alltid spennande og smakfullt.

  3. Villa Paradiso (Olaf Ryes Plass, Grünerløkka)
    - Sånn skal pizza smake! Min favoritt er den med fire ostar, og så ber eg pent om å få litt ruccola oppå. Nam!

  4. Alex sushi (Cort Adelers gate, Solli plass)
    - Beste sushien i byen. Mat blir kunst.

  5. San Leandro (Sporveisgata, Majorstua)
    - Min absolutte favoritt når det kjem til tapas i Oslo. Smakar (nesten) like godt som i Spania.

  6. Trancher (Thorvald Meyers gate, Grünerløkka)
    Byens beste biff! Langtidssteikt entrecote med nydeleg tilbehør.

  7. Arakataka (Mariboesgate, sentrum)
    Dagens 3-retter med vinmeny er eit kupp; klassisk kjøkken, gjennomført.

  8. Coco (Dronning Mauds gate, Vika)
    Ukomplisert asiatisk mat. Alltid godt.

  9. Mitsu Kafé (Møllergata, sentrum)
    Billig sushi, men veldig bra kvalitet. Rause bitar. Sjarmerande shabby lokale.

  10. Oriental (Arbeidergata, sentrum)
    - Lillesøster til Dinner med (nesten) like god mat, men billegare og oftare ledig bord.

Denne lista er forsøksvis tilpassa middels lønnsinntekt, og ikkje studentøkonomi for eksempel. Eg har utelate nokre åpenbare favorittar på grunn av prisnivå; slik som Bagatelle (RIP), Restaurant Eik Annen Etage, Staholdergaarden... Men for all del - har du råd, har du lov; du får det du betaler for.

Det er nok nokre sjølvsagte restaurantar som ikkje står på lista. Det er kanskje fordi eg ikkje har vore der? Eller vart eg skuffa? Eller så nådde dei rett og slett ikkje opp på topp 10. Eg trur uansett ikkje at eg lagar ei negativ-liste.

Det er mykje godt å finne i Oslo. Det fasinerande er at om du går ti minutt vekk frå Karl Johan (ehe, Stortinget), og om du legg ein femtilapp ekstra i potten i forhold til turist-/bønderibyen-/altforsultenpåturheimfrajobb-fellene midt i sentrum, så kan du få verkeleg god mat.

Neste gong eg er i Oslo har eg tenkt å teste Four Seasons. Om ikkje de har andre favorittrestaurantar som de vil dele? Legg gjerne igjen eit tips her :-)



Extra service...
Special Occasion: Nr. 1, 2, 4, 7
Spontanious Night Out: Nr. 5, 8, 9, 10
Safest to Make a Table Reservation: Nr. 1, 2, 3, 4, 6, 7
After Work (Out): Nr. 3, 5, 6, 8, 9, 10 


onsdag 27. januar 2010

Frokostsmoothie

lett vaniljeyoghurt
jus
frosne blåbær
honning
4-korn
isbitar
evt nokre mandlar eller nøtter

Smak deg fram til passe mengde. 1,5 dl yoghurt, 1 dl eplejus, ein liten neve blåbær, 1/2 ts honning, 4 ss 4-korn passar min smak. Har du ein frukt du synest passar til, så ha i den også. Her får du slike næringsstoff som kroppen treng for å starte dagen: protein (yoghurt), sakte karbohydrat (4-korn), masse vitamin og antioksidant. Du kan også ha i 4-5 mandlar eller valnøtter, men eg synest det er betre å ete dei ved sida av. Nøtter gir deg sunne fettsyrer, og dei hjelper kroppen å ta opp næringsstoffa i frukten. Lurt!



Denne held deg gåande! Å. Det var ikkje riktig like stilig som på engelsk. Vi tar det på engelsk også: This will keep you going!



tysdag 26. januar 2010

Surdeigsbrød med spelt


I dag ligg det eit fint innlegg på Trines Mektige Matblogg om surdeigsbaking. Om de lurer på om de skal tørre å prøve, så ta ein kikk der. Eg er stadig innom Pain de Martin, og det endar alltid med lyst til å bake. Siste surdeigsstuntet vart speltbrødet hans. Oppskrifta fann eg i boka, og akkurat den ligg ikkje på nettet, men det ligg andre oppskrifter med spelt her.



Det vart eit fint brød å sjå til, og det heva seg som berre det. Skorpa vart sprø, og det vart sånn deilig seigt-men-saftig som berre surdeigsbrød blir. Men det er nok eit lite hakk for surt for min smak. 100 g surdeig er kanskje å ta i for ein amatør?  

måndag 25. januar 2010

Graniola; sprø frokostblanding


Graniola er godt til frokost, og det er eit fint mellommåltid. Det er også fint å spise etter trening på kveldstid. Lagar du di eiga blanding, styrer du næringsinnholdet sjølv. Eg synest dei ein kjøper på butikken, er alt for søte. Her har eg tatt utgangspunkt i framgangsmåten på dinmat.aftenposten.no. Eg brukte det eg fann, og som eg hadde lyst på, i skuffer og skap:

2 dl 4-korn
1 dl linfrø, sesamfrø, gresskarkjernar
1 dl solsikkekjernar
1 dl hasselnøtter, grovhakka
1 dl mandlar, grovhakka
2 ss honning
2 ss rapsolje
1 ss kanel
1 ss brunsukker
1 ts sitronsaft
1 dl rosiner
1 dl tørka aprikos

Rist korn, frø og nøtter på 100 grader midt i omnen i eit kvarter. Bland honning, olje, kanel, sukker og sitronsaft i ein bolle, ha i kornblandinga medan den framleis er varm. Rist på 150 grader midt i omnen i 20-30 minutt. Blandinga kjennest mjuk ut når du tar ho ut av omnen, men det blir sprøtt når feitt og sukker blir kaldt. Rør inn tørka frukt. Avkjøl graniolaen, og oppbevar på glas eller i tett boks.



Spis graniola med mjølk, yoghurt, kesam, cottage cheese...det smakar også veldig godt med litt frisk frukt eller bær i lag med.

Velbekomme!

søndag 24. januar 2010

Grove surdeigsbrød med bygg og havre- eksperiment 1


Surdeigsdebuten er overstått, og i kjøleskapet har eg no ein grov og ein fin surdeigsbase som blir haldne i live med jamnleg foring. Då er det på tide med litt eksperimentering! Eg starta litt forsiktig, og tok utgangspunkt i Schakenda sitt brød som han kallar "Svensken", og gjorde nokre endringar:

Morgon: 
50 g grov surdeig
125 g sammalt rug, grov
100 g rugmjøl, sikta
5 dl lunka vatn

Bland ingrediensane og la deigen stå lunt i minst 4 timar.

Ettermiddag:
125 g rugmjøl, sikta
250 sammalt rug, grov
100 g byggmjøl
100 g solsikkefrø
100 g store havregryn
200-300 g fullkorn kveitemjøl
20 g salt
5 dl kaldt vatn

Ha deigen frå morgonen i ein eltebolle. Ha i vatn, salt og alt mjølet unntatt fullkorn kveitemjøl. Elt på sakte fart i 10 minutt, medan du litt etter litt har i fullkorn kveitemjøl til passe deig. Grove surdeigar kan ikkje samanliknast med gjærdeigar med mykje kveitemjøl. Surdeigen blir ikkje elastisk, så kva som er passe deig på ein berre prøve seg fram med. (Eller ein kan følgje ei oppskrift til punkt og prikke.)

Hev deigen på ein lun plass til dobbel storleik. Fordel i to godt smurte brødformer. Eg lot brøda stå kjølig over natta, og då hadde dei heva seg fint. Steik på 180 grader i 60-70 minutt. Avkjøl på rist og oppbevar innpakka i kjøkkenhandduk.



Resultat: Velsmakande brød som held seg eviglenge innpakka i kjøkkenhandduk. Dei heva seg ikkje veldig mykje, men greitt nok til at det er berre grovmjøl i brøda. Ein kan alltids jukse og hatt i litt gjær om ein vil ha meir heving. Schakenda skriv om slike grove surdeigsbrød at dei bør stå til dagen etter før ein skjærer i dei. Vel, ein må vere bygd av eit framand materiale for å klare det når ein kjenner lukta av nysteikt brød. Men, det som er eit poeng, er at desse grovbrøda smakar ikkje best når dei er heilt ferske. Dei blir tvertimot betre når dei får sett seg litt.

Velbekomme!

laurdag 23. januar 2010

Lesestoff

Bloggverda er stor og kaotisk, og det er mykje rart å finne. Nedst på sida her ser de ei liste med nokre av dei bloggane eg likar å lese. Sia det er helg, og de kanskje har litt ledig tid, så vil reklamere litt ekstra for bloggen 4 X BÆREPOSE AND BOP TO THE BEAT. Det er veldig morsomt, nesten litt trist og ganske pinleg å lese. Ja, også er det lærerikt. Start med dette innlegget, så skjønner de...

 God helg! 




fredag 22. januar 2010

Saus med linser til fisk

10 g gulrot, hakka
10 g sellerirot, hakka
1 sjalottløk, hakka
25 g linser
1 ts sitronsaft
5 dl fiskekraft
25 g usalta smør
fløyte
peppar, evt salt

Legg linsene i bløyt i ein time (brukar du radue linser er det ikkje nødvendig med bløytleggjing). Surr grønnsakene i litt av smøret. Ha i linsene, sitronsafta og krafta, og la det koke i 30 minutt til linsene er møre. Kjør i blender til alt er most, ha sausen tilbake i kasserollen, og kok inn til ønska smak. Smak til med fløyte (eller mjølk), peppar og eventuelt salt, og kok opp. Rett før servering kjører du sausen i blender saman med kaldt smør i terningar. Du får då ein rik saus med skum.



Eg serverte sausen til breiflabb, men den vil nok piffe opp ein middag med heilt vanlege fiskebollar også. Oppskrift med litt tilpassing frå den fine kokeboka Fisk og vin, utgitt av Gastronomisk Institutt (som no har forvandla seg til Kulinarisk Akademi).

Velbekomme!


torsdag 21. januar 2010

Haiti

Det er ni dagar sia jordskjelvet på Haiti. Morten Jentoft, utanriksmedarbeidar i NRK, skildrar i dette intervjuet korleis det er på Haiti no. Han seier også noko om situasjonen til Haiti som handlar om meir enn den akutte katastrofen. 

Det er lett å kjenne seg liten og makteslaus når slike naturkatastrofar slår til; det kjennest så smått å sende nokre kroner. Men det hjelper. Eg valde ut Leger uten grenser denne gongen. 

Kvart eit menneske som blir henta levande ut av ruinane, er eit mirakel. Men for kvart mirakel er det mange fleire tragediar. Eg håpar vi klarer å bidra også til langsiktig oppbygging av Haiti. 


onsdag 20. januar 2010

Alltid lys i vest




tysdag 19. januar 2010

Matvalg 2010: Kasting av mat


Vi kastar 330 tusen tonn etande mat i Norge viser undersøkingar som Loop har gjort. Plukk kva som helst av dei modale hjelpeverba: Dette kan-må-bør-skal-vil vi gjere noko med!




Via Twitter har eg oppdag oppfordringa om å blogge for å redde verda... Den oppfordringa gjekk rett heim her i huset, gitt. Tema for Matvalg 2010 januar er: "Hvordan kan vi redusere mengden mat som kastes?" 


Kjøp mindre mat


Det viktigaste ein gjer for å kaste mindre mat, er å kjøpe mindre. Ein kjøper mindre mat ganske enkelt ved å planleggje meir. Slik planlegging er tema for artiklar i mangslags aviser og ukeblad for tida; matplan for heile uka, ein handledag i uka og slik bortetter. Det er eit spørsmål om tid, ja. Men det er først og fremst eit spørsmål kor mykje tid ein sparar når ein har planlagt godt.

Å lage ein matplan kan vere rein underhaldning i hushald med fleire enn eit menneske. Korfor ikkje trekk lapp om kva som skal vere middagen på mandag - onsdag - fredag...? Om alle må skrive ein fiskerett, ei suppe, ein favorittrett og slik bortetter, så skulle det gå å ivareta eit sunt kosthold sjølv om tilfeldigheitene får rå.



Eit anna middel mot å kjøpe inn for mykje mat, er å motstå hamstertrangen. Mat er billig i Norge (åjoda!). Det er ingen grunn til å hamstre 20 kilo kjøttpølse sjølv om den er sett ned med fem kroner...


Utnytt maten betre

Men når vi først har (mykje) mat i huset, så gjeld det å utnytte maten. Ein tredel av den etande maten vi kastar, er frukt og grønt. Kanskje kunne eg nøye meg med dette eine knepet: Kok kraft. Kraft er lurt. Det har eg skrive om før her. Kraft kan du koke av nær sagt kva som helst. Rekeskalet, rotgrønnsakene, kjøttdeigen osv. Har du noko i kjøleskapet som held på å bli for gammalt, kok kraft! Eit beslekta knep er å lage suppe. Ein kan koke suppe av det meste, til og med av spiker har eg høyrt. Google ingrediensane dine + suppe, og simsalabim så har du middag.

Det mest sjølvsagte rådet for å utnytte maten betre til slutt: Bruk frysaren. Ein kan fryse slantar av vin, saus og suppe. Frukt deler eg opp i bitar som eg tar opp og brukar til smoothie. Ost og kjøttpålegg er glimrande å fryse og ta opp til pizza. Mjølk og fløyte som held på å gå ut av dato, fortener forlenga liv i frysaren, det er kjekt å ta opp når du skal bake. Har det gått ut på dato? Frys del likevel, det kan godt brukast i vaflar for eksempel. Egg kan også frysast; eggekvitar kan frysast som dei er, er plommen med, så visp egga lett saman. Eg frys stort og smått og merkar med namn og dato, og mange gonger har eg vore glad for akkurat den lille resten eg hadde i frysaren. Det er jo dumt å måtte opne ei heil flaske kvitvin om du berre skal ha ein desiliter til risottoen?



Det blir ofte restar av mat. Det finst forskjellige sider på nettet som gir tips om restemat, denne hos Grønn Hverdag for eksempel. Restar kan vere det tristaste i heile verda. Men om ein brukar ein rest til noko heilt anna enn det den er rest av, så er det ikkje sikkert at ein kjenner igjen resten ein gong. Eg vil vel seie det så sterkt som at det er ikkje lov å kaste fisk (sjølv om EU har drive med utkast av fisk i mange år), for fisk kan ein alltid lage fiskegrateng av.


Skit i best-før 
(eller: stol på deg sjølv)

Det er mangslags forvirring rundt dette med matmerking. (Eg skal komme tilbake til den nye datomerkinga av fisk i eit eige innlegg.) Forskjellen på best-før og minst-holdbar-til er sånn høveleg greitt forklart her. Ja, vi skal vere forsiktige med lett-bederveleg mat, men det meste av maten er ikkje lett-bederveleg! Eg trur eg seier det slik: Skit i at det står ein dato med best-før på påleggespakken i kjøleskapet. Stol på din eigen fornuft, og lukt og smak på maten før du kastar han. Egg kan halde seg mykje lenger enn datoen, det samme gjer pasteuriserte mjølkeprodukt, og no er det vel nesten semje om at vakumpakka kjøtt er best etter best-før datoen...

Du kjenner det på lukta når noko er skjemt eller held på å skjemmest. Er det før datoen, og det luktar skjemt, så ta for all del varen tilbake til butikken og klag. Kyllingfilet for eksempel...skrekk og gru. Kyllingfilet kan lukte svovel og develskap, og det er slett ikkje alltid at datoen gir deg varsel om det! Du treng med andre ord fornuften din når du har med mat å gjere.

Dette vart kanskje litt mange ting på ein gong? Når alt kjem til alt, så er det så enkelt som dette:
Om du i staden for å kaste maten, tar vare på ein slant eller to på rett måte, så kan du lage nydeleg smoothie og kjempegod suppe - (nesten) heilt gratis! Fint for deg, fint for miljøet :-)



måndag 18. januar 2010

Ertersuppe


Det er vel vestlandsblodet i meg som gjer meg så begeistra for ertersuppe kokt på restar av fenalår. Slik gjer eg det:

fenalår
gule erter, tørka
kålrabi
gulrot
potet

Legg ertra i bløyt over natta (det står på pakken korleis...). Del opp fenalåret i mindre bitar, ha det i ein kjele og dekk med vatn. La det liggje i bløyt over natta. Dagen etter kjenner du på vatnet som fenalåret ligg i, kor salt det er. Er det veldig salt, så brukar du reint vatn i tillegg. Er det passe salt, brukar du berre vatnet som fenalåret har lege i over natta. Kok opp vatnet med fenalåret i, skum av, og la det trekke til kjøttet er passe mørt. Det tar om lag 2 timar.

Ta opp kjøttet og kjenn på krafta kor salt ho er. Er det passe salt, tar du så mykje kraft du vil ha i ein kjele og har oppi ertra. Er krafta blitt veldig salt, har du i friskt vatn i tillegg. Kok opp krafta med ertra i, og la det småkoke; koketida for ertra er om lag ein time. Del grønnsakene i spisefine terningar. Etter ein halvtime er det passe tid å ha i kålrabi og gulrot, og avhengig av type potet, så har du den i litt etter. Del kjøttet i terningar, og ha det i heilt til sist - gi eit oppkok slik at kjøttet blir gjennomvarmt. Hugs at både erter og grønnsaker held fram med kokeprosessen lenge etter at du har tatt kjelen av plata fordi suppa held lenge på varmen. Det er derfor lurt å ikkje koke suppa heilt ferdig før du set henne på bordet.




Eg brukte denne gongen også ein rest av lammelår som eg hadde fryse, og som eg hadde i til sist saman med kjøttet frå fenalåret. Smakane av fersk kjøtt og røykt kjøtt kler kvarandre synest eg. Ein lagar gjerne ein stor porsjon når ein først lagar slik mat, og heldigvis er ertersuppa god oppvarma dagen etter også. Hugs då å kjøle den raskt ned, for eksempel ved å setje kjelen i oppvaskkummen fylt med kaldvatn. (Ikkje set på lokket, då kan du få bakterievekst.) Set suppa kaldt til dagen etter.

Server med flatbrød. Velbekomme!



søndag 17. januar 2010

Søndagstur


"Må du nu vær førsekti når du går ned. Det e glatt i dag."


laurdag 16. januar 2010

Sachertorte

"Sachertorte (tysk for «Sacher-kake») er en type sjokoladekake oppfunnet av Franz Sacher (1816-1907) i 1832 til fyrsten og statsmannen Klemens von Metternich i Wien i Østerrike. Det er en av de mest berømte kulinariske spesialiteter fra Wien. Kaken består av to lag ikke for søt sjokoladebunn med et tynt lag aprikosmarmelade mellom og mørk sjokoladeglasur oppå og på sidene." (frå Wikipedia)
Sachertorte er altså ei legendarisk sjokoladekake som ingen tør seie at dei har den rette oppskrifta på. Mandlar og marsipan er visst omstridte ingrediensar i kaka. Eg prøvebaka eit kompromiss av denne og denne varianten:

Kakebotn:
100 g smør
120 g kokesjokolade
5 eggeplommar
10 g ekte vaniljesukker
100 g melis
4 eggekvitar
120 g malte mandlar
50 g kveitemjøl

Fyll og glasur:
1 boks hermetiske aprikosar
100 g marsipan
150 g finhakka kokesjokolade
1 dl fløyte

Smelt smør og sjokolade på svak varme, rør saman til ein smidig masse. Set til side og avkjøl litt. Pisk eggeplommar, vaniljesukker og 25 g melis luftig. Set til side. Pisk eggekvitane stive, ha i resten av melisen (75 g) og pisk til marengs. Bland eggedosis, marengs, sjokoladeogsmørblanding, malte mandlar og mjøl til ei klumpefri røre; ikkje rør meir enn nødvenig. Steik nestnedst i omnen på 180 grader i 40 - 50 minutt. Avkjøl på rist.

Del kaka i to eller tre lag. Mos aprikosen med stavmiksar. Bruk laken frå aprikosboksen til å dynke kaka med. Fyll med aprikos melom laga, og på toppen av kaka også. Og det er no det blir moro for oss amatørar som aldri har laga marsipankake før: I oppskrifta står det: "Kjevle halvparten av marsipanen til en rund leiv som dekker hele kaken og bre den lett og pent over kaken." (mi utheving) Ha-ha-ha. Kjempeartig. Eg har i dag meldt meg på marsipanlokkjevlekurs etter at eg erfarte den harde vegen at ein ikkje skal bruke melis når ein kjevlar marsipan, men gjerne litt kveitemjøl. Denne gongen skulle det heldigvis vere sjokoladeglasur over marsipanlokket så det var ikkje så farleg:

Kok opp fløyten, ha i den hakka sjokoladen, og rør saman til ein smidig glasur. Avkjøl litt før du har glasuren over kaka, stryk glasuren ut langs sidene av kaka også. (Ja, eg veit, dette er av dei ting som ser så lett ut i oppskrifter, og så blir ein heilt søkksveitt når ein står der og skal gjere det sjølv. Men det går bra!) Server gjerne med piska krem.



Det er ein grunn til at de berre får sjå bilde av eit kakestykke. Men kaka vart god altså ;-) Neste gong vil eg prøve med meir sjokolade i botnen - kanskje litt kakao også? Som de ser er det ikkje hevingsmiddel i kaka, men den hevar seg likevel på grunn av marengsen og eggedosisen. Det er sjølvsagt mogleg å ha i ei ts bakepulver i tillegg om ein vil ha kaka endå høgare.

Velbekomme!

fredag 15. januar 2010

Smoothie


Smoothie og fruktjusar er blant dei gode ting i livet som er for godt til å vere sant, men som faktisk er heilt sant. Det er sunt, og det er godt samtidig! I passeleg mengde sjølvsagt. Som med alt anna godt, kan det blir for mykje av ein god ting ((frukt)sukker i dette tilfellet). Men som hovudregel er smoothie ein fin måte å få i seg meir frukt på, både for store og små.

Eg finn ut at for at ein smoothie skal vere god, så må han vere kald, og det må vere balanse mellom friskheit og sødme. Når smoothie ein sjeldan gong ikkje smakar noko særleg godt, er det enten for søtt, for surt eller ikkje kaldt nok. Det skal noko til at ein smoothie ikkje blir frisk i smaken. Brukar ein jus av grei kvalitet, er i seg sjølv nok. Frukt og bær gir også frisk og god smak. Sødme får ein frå moden (men ikkje overmoden) frukt - som banan, eller pære. Yoghurt eller vaniljekesam gjer også at smoothien blir søtare, og det er visst yoghurten som skil smoothie frå jus. Med frosne bær eller isbitar i blir drikken kald og god.




I dag laga eg denne varianten:
eplejus
1/2 moden pære
2-3 ss vaniljeyoghurt
frosne blåbær
isbitar

Ha væska i før dei andre ingrediansane for å skåne knivane i blenderen. Eg brukar å kjøre ein ekstra runde med isbitanei heilt til slutt, for dei blir sjeldan heilt knuste, og då er det ein fordel at dei andre ingrediensane er kjørt ferdig.

torsdag 14. januar 2010

Sola er her


Mørketida gjekk over i går. Sola har komme tilbake til Bø!


(Bilete tatt av Jack Roger Lihaug, frå vol.no)




onsdag 13. januar 2010

Sveler

Sveler er godt! Eg har ikkje turt lage det før, for eg var redd for at det skulle bli for godt... Det var vaflar og pannekaker eg tok laust med på kjøkkenet ein gong på slutten av 80-talet. I 2010 er sjølvkontrollen såpass utvikla, at eg tenkte det var på tide å debutere som svelesteikar. Finst det betre høve enn barnebursdag?



Sveler som er for søte, er triste saker. Eg googla og leste oppskrifter, og kombinerte meg fram til denne varianten:

5 egg
5 ss sukker
5 dl kefir
kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts hornsalt

Visp saman egga, ha i sukker, og visp til eggedosis. Bland eit par desiliter mjøl med bakepulver og hornsalt. Ha i surmjølk og mjølk vekselvis til passe tjukk røre. (Eg fann ut at om lag som vaffelrøre var passe tjukk røre. Eg målte ikkje mjølmengden som skulle til, men det var meir enn dei to første desilitrane.) Eg steikte dei i tørr panne på middels varme og la dei på rist etterkvart. Svele er godt med smør og brunost, eller syltetøy. Eller ingenting på når dei er heilt ferske.

Bilete? Ehh...oppspiste... Men eg kan kompensere med litt retardasjon for vidarekommande i høve høvet:






tysdag 12. januar 2010

2000-2010; slik eg hugsar det


Eg vart utfordra til å oppsummere tiåret 2000-2010 i lokalavisa. Den oppsummeringa tar for seg tiåret i makro, her er mitt mikro:

2000:
Stod på Trafalgar Square ved inngangen til nytt milennium. Var student i Tromsø. Tok eksamen i Psykologi. Medlem av fylkestinget i Nordland, styrte med olje og fisk.


(Bilete frå http://www.indulgencecharters.com)

2001:
Første Sydentur nokonsinne; solbrent i Tunisia. Tok eksamen i sosialantropologi. Kom inn som yngste representant på Stortinget. Sjokk! Terrorangrep i USA. Sjokk!

2002:
Var fiskeripolitisk talsperson. Krangla med fiskeriminister Ludvigsen kvar dag og heile tida. Kjempa mot kongekrabba i samme slengen.


(Bilete frå www.dykking.no) 
2003:
Heldt appell framfor 10.000 menneske i Stavanger mot invasjon i Irak *gåsehud*. Lokalvalg. SV fekk varaordførar i Bø.

2004:
Fekk fleirtal i Storinget for forslag om å etablere eit verdiskapingsprogram for fiskerinæringa (det er eit veldig godt tiltak altså!). Debuterte i debattprogram på NRK riks, om olje eller fisk i nord.


(Valgkamp... Foto Rune Pedersen, www.helgeland-arbeiderblad.no)
2005:
Var i Skottland og vart vettskremt av skottane. Førstekandidat ved stortingsvalget. Vi vann fleirtal! Men færre SV-venner på Stortinget. Var litt einsomt i grunnen.

2006:
Huff. Ansvar for utlendingspolitikk. For til Spania med familien i juli, ikkje akkurat case study (solferie).

2007:
Medlem av utdanningskomiteen. Saksordførar for St.meld. nr. 16 om tidlig innsats for livslang læring. Aldri lært så mykje så fort. Laga blogg om politikk og sånn; den vart hacka. Lokalvalg. Æsj.

2008:
Var ivrig og hæppi deltakar på Forsvarets Høgskole, Vårkurs nr 1. Vokabular og perspektiv utvida. Taua SV-venner nordover, også favorittbergenseren, for å jobbe mot olja. Innsåg at eg hadde tilbrakt mesteparten av 20-åra på Stortinget; grua meg til å bli 30...


 (Foto Mona Værnes, www.sv.no)
2009:
...fylte 30. Det var eigentleg heilt greitt å bli 30. Elles er fjoråret er oppsummert måned for måned her.


måndag 11. januar 2010

Bollane i Lom


Kva gjorde du tredje juledag? Eg bakte bollar...

Eg gjekk laus på "Årets beste kokebok" med stor iver. Las den frå perm til perm. Inspirert og sjarmert vart eg. Men eg sat att med eitt stort spørsmål, så eg las eg den ein gong til, berre for sjekke om det var noko eg hadde oversett. Men det hadde eg ikkje, så då sendte eg ein mail.

Var dette gresk? Ok, eg prøver ein gong til, meir i detalj.

Filosofien til Morten Schakenda, bakaren i Lom, fortener ikkje å bli samanfatta i kortheit, men likevel - kort sagt - han brukar kald væske, og eltar i hundre år, for det meiner han at gjæra og gjæringa har godt av. Eg har som alle andre, lært at væska skal vere fingervarm, og vel så det, og gjærbaksten min har sjeldan bore preg av å vere for lite heva. Men bakaren i Lom verkar så overbevist om at gjæra ikkje skal ha det varmt, og eg har ete kvota mi av bollar og brød frå Åpent bakeri (der Schakenda jobba før han vart bakaren i Lom) til å vere villig til å prøve hans variant. Den går ut på: Når du bakar brød, bland alle ingrediensane unntatt gjær og salt, og elt litt. Ha så i gjær og salt, og elt endå meir. Bakar du bollar, bland alle ingrediensane unntatt smør; elt - ha i smør, og elt endå meir. Men eg sat altså igjen med eit stort spørsmål etter å ha lese boka: Om ein skal ha i gjæra heilt til slutt (brød) eller saman med alt anna (bollar), korleis løyser du opp gjæra då? Når eg ikkje fann svar etter å ha lese boka ein gong til, så sendte eg ein mail til Lom:

Bø: Eg har kosa meg stort med Årets kokebok, men det er ein ting eg ikkje skjønner: Om ein skal tilsetje gjær tilslutt, etter å ha elta mjøl og væske, korleis er det meininga at ein skal løyse opp gjæra? mvh Åsa Elvik
Lom: Den vil løse seg opp i den siste eltingen, ingen problem, om du vil bruke fersk eller tørrgjær er opp til deg... Hilsen Morten i Lom
Bøfjerding: Takk for svar! ...eg kjem til Lom med bevis om eg får gjærklumpar i bollane...
Morten i Lom: Den er grei, men da tror jeg ikke du har eltet lenge nok... Lykke til og vi sees muligens i Lom da!!

Utfallet? Lom - Bø: 1-0.
Ingen gjærklumpar. Finfin heving. Nydelege bollar. Det der med å løyse opp fersk gjær i væske, er med andre ord berre noko tull vi har lært. Og at væska må vere lunka for at gjærbaksten skal heve, er også berre tull. Vranglærde er vi.





Eg gjorde ei erfaring som fleire kan ha nytte av: Schakendas metode inneber å hive alle ingrediensane i bakebollen med ein gong. Det blir litt for tungt for ein vanleg kjøkkenmaskin - spar ein god del av mjølet til sist i eltinga, så går det lettare.

Den første ladningen med kanelbollar forsvann like raskt som smøret i dei smeltar på tunga. Ein forsøkskanin sa: "Bæste æ nån gong har smakt!" Ein vestlending nær meg sa: "Dei smakar nett som skillingsbollane i Bergen." Større kompliment kan ein ikkje få for matlaging...

Nokon som vil vere med til Lom til sommaren? De må berre skaffe dykk den boka, så får de lyst å reise dit de også, skal de sjå.




søndag 10. januar 2010

Heilnorsk ost

Eg er veldig glad i ost, og alle ysteria som poppar opp rundt omkring i Norges land, gjer meg glad. De som er bøfjerdingar, veit at nesten-nærmaste-naboen min er Gimstad gård som ystar eigen ost. Når dei får tatt nyfjøsen i bruk no snart, så startar dei opp igjen osteproduksjonen også. Eg er særleg glad i kvitosten (ku) deira. Geitost er også godt, og eg har ein liten plan om å prøve å få sendt litt ost frå Aalan gård i Lofoten. Dei produserer økologisk ost, og det er mogleg å bestille osten deira på nettet.

Norsk ost har altså fått mykje større variasjon det siste tiåret, og det er mogleg å finne heilt lokalprodusert ost. I går vart desse ostane fortærte:




Ein vellagra Jarlsberg vart også med, mest for sikkerheits skuld. Ostane vart servert med det gode frukt- og nøttebrødet, fikenmarmelade, aprioks innkokt i portvin og rørt tindved. (Det var med andre ord lurt å ønske seg "ting å lage mat av til jul"; takk snille!) Surdeigsbrødet med eple og valnøtter stod også på bordet. Camemberten frå Eiker Gårdsysteri var ein vinnar. Nydeleg!

(Før osten? Rosasteikt kalvesteik med sopprisotto og bakt tomat. Etter osten? Valg mellom sjokoladefondant og pannacotta med kvit sjokolade, begge fulgt av kokt moltecoulis og limemarinert frukt.)


laurdag 9. januar 2010

Surdeigsbrød med eple og valnøtter

Tredje surdeigsbrødbaking vart krona med nydelege brød:




Dette er Pain de Martin sin variant av surdeigsbrød med eple og valnøtt. Surdeigsstartaren er basert på rug, men brødet er elles bakt med kveitemjøl. I oppskrifta står det vetemjöl special. Det har eg ikkje fått tak i, men eg set min lit til at helsekosten på Sortland tar det inn. Igjen, med god hjelp på Twitter *takkar @receptomaten* har eg fått greie på at vetemjöl special er eit spesielt proteinrikt kveitemjøl. Eg tok ein spansk ein og hadde i om lag 50 g tipo "00" og 100 g tipo "0" (begge har høgare proteininnhald enn vanleg sikta kveitemjøl). Eg er usikker på om det hadde noko å seie for resultatet, men det øydela i alle fall ikkje.

På grunn av ei lita logistikkutfordring med bakaromnen, sette eg deigen kvelden før, og lot han stå i kjøleskapet over natta (det vart om lag 12 timar). Det var verkeleg ingen problem. Han var fint heva då eg sto opp i morges. Martin skriv forresten at eplebitane blir knuste i siste eltinga. Vel, det skjedde ikkje her, han har nok sterkare bakemaskin enn meg.

God helg!


fredag 8. januar 2010

Tex mex vegetar

På tide å komme ut av skapet? Eg liker ikkje taco. Eg et det, om det er det eg får å ete, men eg liker det ikkje. Strengt tatt så liker eg tortilla, nachochips, salat, rømme, guacamole, salsa...det er berre den der tacokrydra kjøttdeigen, den er verkeleg ikkje god. Men Tex Mex kan ein lage av gode ting også. Her er ein variant tilpassa den velkjente januaraktiviteten spiselittsunnereidetnyeåret:

Ha ein pakke chilibønner i ei gryte. Varm og smak til med litt meir tomat (hermetiske grovhakka er praktisk, men all slags tomat går sjølvsagt). Krydre med chili og kvitløk etter smak og salt og sukker. Ein pakke chilibønner er passe mengde til fire tortillalefser. Fordel fyllet på lefsene og pakk saman som wraps. Legg i ei smurt eldfast form, ha over litt salsasaus og topp med ost. Gratiner på 200 grader i om lag 10 minutt. Imens snittar du salat og legg i djupe skåler. Litt frisk tomat, guacamole og salsa er godt ved sida av. (Rømme er også godt, men...)



Dette er eit kjapt og sunt utgangspunkt som kan varierast i det uendelege. Tilset kylling eller kjøttdeig om du ikkje vil ha vegetarvarianten.

Velbekomme!

torsdag 7. januar 2010

Bok



må lese litt
kan ikkje berre lage mat








onsdag 6. januar 2010

Surdeigdebuten

Det er ikkje all matlaging som går bra på første forsøk, ikkje på andre heller. Mine første surdeigsbrød vart litt triste i grunnen (biletet til venstre). Eg brukte framgangsmåten til bakaren i Lom, Morten Schakenda, for å lage surdeigsbasen. Brøda vart smakfulle, dei heva seg - meir enn det ser ut til på biletet, men ikkje nok. Ikkje nok i det heile tatt.

Alle dei sju dagane det tok å lage ein surdeigbase, syntest eg at deigen var fastara enn eg forventa ein surdeig skulle vere. Men eg tenkte som så - sia du ikkje har gjort dette før, så skal du gjere som du får beskjed om. Etter å ha sett resultatet, byrja eg forske litt meir. Eg las litt på nettet, og då eg fann ut at dei fleste, inkludert Schakenda sjølv, deler oppskrifter med om lag dobbelt så mykje vatn som den som står i boka. Etter eit lite hjertesukk på Twitter, fekk eg nokre gode råd *takkar @StHanne og @surdeig* så eg bestemte meg for å prøve igjen.

I staden for å starte heilt på nytt, tok eg halvparten av den surdeigen eg hadde, og blanda den med 2 dl lunka vatn og 120 g sammalt rug. Det gjorde eg to gonger - og pang! Der hadde eg surdeig utover heile kjøkkenbenken då eg kom heim frå trening og deigen hadde fått heva seg i fred! Sjeldan har vel gliset vore breiare når eg har tørka over kjøkkenbenken.

Eg hadde lyst å prøve brøda med det tiltrekkande namnet "Svensken" (også Schakenda). Det første forsøket var eit dansk rugbrød med masse heilkorn. "Svensken" er laga av sammalt spelt og sammalt rug. Mine andre surdeigsbrød vart slik:



Brøda må ikkje samanliknast med gjærbakst, og ikkje med kveitemjølbakst - det fortener dei ikkje. I desse brøda er det altså utelukkande sammalt mjøl. Det er eit under at det i det heile tatt hevar seg!

Ikkje alle likar surdeigsbrød. Det har ein karakteristisk smak, og særleg dei grove brøda har ein syrleg smak som eg kan skjønne at ein ikkje synest noko om. Men eg liker det, og eg er interessert i å lære å bake slike brød av to grunnar: Konsistensen på dei fine surdeigsbrøda er alldeles nydeleg (ja, smaken òg sjølvsagt), og surdeig gjer det mogleg å bake rugbrød som er 100% grove. Det er umogleg med gjær. Det er også eit pluss at grove surdeigsbrød held seg i all evigheit, og det er ikkje å forakte i eit hus der det bur berre ein.

Om nokon har lyst å prøve seg, så anbefaler eg surdeig.no for innføring og bloggen Pain de Martin for inspirasjon. Ei av oppskriftene der står på agendaen min i dagane som kjem... Dette er spennande!




Hauge-ord for dagen



Vintermorgon
Av Olav H. Hauge

Då eg vakna i dag, var rutone attfrosne,
men eg glødde av ein god draum.
Og omnen slo varme ut i romet
frå ein kubbe han hadde godna seg med um natti.





Bøvariant av thaisuppe Tom Kha Gai


Sia vi først er inne på dette med kosthold: Vi bør spise meir suppe. Det mettar, det er sunt (så sunt som du vil det skal vere i alle fall), og det er kjapp kvardagsmat. Som eg har sagt tidlegare - suppe er undervurdert. Sist eg laga denne suppa, tok eg tida. Det tok femten minutt - inkludert to turar opp på loftet for å hente ingrediensar. Er det kortare eller like lang tid som det tar å lage posesuppe skal tru? Irrelevant! Det smakar så mykje mykje betre.

fersk ingefær, kvitløk og chili
10 dl kyllingbuljong (2 buljongterningar + 10 dl vatn)
50 - 100 g eggenudlar
kyllingfilet
1 pk sukkererter
1 boks kokosmelk (lett)
eventuelt: limesaft, kaffirlimeblad, flytande kyllingbuljong

Hakk ingefær, kvitløk og chili og surr det forsiktig i litt olje i eit minutt eller så. (Kor mykje? Så mykje som du likar...? Prøv med ingefær så stor som ei valnøtt, 2 fedd kvitløk og 1 chili, rød eller grønn.) Ha i buljong og kok opp. Brekk nudlane i mindre bitar, og ha dei i buljongen. Tilpass kyllingmengden etter kor mange som skal spise; det er betre å mette med kylling enn med kokosmel eller nudlar, for å seie det slik. Del kyllingen i passelege spisebitar, og ha i suppa. Kok til nudlane er nesten ferdige (koketid fire minutt) - imens deler du sukkerertene i tre. Sjekk om kyllingen er gjennomkokt. Ha i sukkererter og kokosmelk. Kok opp. Om du har, og vil, smak til med limesaft og kaffirlimeblad. Ha eventuelt i litt flytande kyllingbuljong om du vil ha sterkare smak.



Godt brød er godt til alt, og foccaccia er sikkert nydeleg til denne suppa. Men her i huset er det innskrenking på karbohydratane i januar, så det får bli ein annan gong.

Velbekomme!


tysdag 5. januar 2010

Spis salat

Buksa sit litt strammare, gjer ho ikkje?

Dette er eit forsøk på å inspirere dykk til å spise salat, sjølv om eg veit at de likar betre å lese om mandelmakronar og kanelbollar. Tingen er at salat er godt, og det er godt for oss. Andreas Viestad skreiv ein gong at salat er berre ei orsaking for å ete gode, feite ting som ein har i tillegg. Han har absolutt eit poeng, men han hadde eit godt poeng til: Skal salat vere godt, så må han befriast for overflødig vatn - det vatnet som sit på utsida og gjer salaten slapp og dvask, slimete og kje-de-lig.



Ein god og mettande middagssalat som ofte er på menyen hos meg, er denne:
blanda grønn salat
gode tomatar
kyllingfilet
pinjekjernar
parmesan
pære
olje, eddik, havsalt

Salaten blir ikkje betre enn råvarene er, men kokken kan bidra til å få det beste ut av det som er tilgjengeleg:

- Salat: Skyll salatane grundig og bruk salatslynge for å befri salaten for vatnet. Når du har tid og ork, så legg du salaten ei stund i isvatn, for at han skal bli endå sprøare. Eg orkar sjeldan det, eg kjem langt nok med salatslynga om salaten er av ok kvalitet i utgangspunktet. (Lågbudsjettvarianten av salatslynge er å leggje vaska salat i eit klede, pakke inn og slynge arma rundt så fort du klarar.) Nokre hevdar at salaten berre blir god om du riv han i mindre bitar, men eg kan vel eigentleg ikkje seie at eg merkar forskjell om eg riv eller snittar med kniv. Av rein latskap hendar det at eg riv han likevel.

- Tomat: Gode tomatar... jaujau, akkarhau, det er ikkje like lett å få tak i gode tomatar alltid, og det er slett ikkje slik at du alltid får det du betaler for. Men cherrytomatane er stort sett alltid betre enn lausvekttomatane. Og perletomatane er oftast veldig gode. Men du må betale. Hugs at tomaten har det betre på kjøkkenbenken enn i kjøleskapet. Der held han betre på smaken, og du unngår at etylen-gassen tar knekken på anna frukt og grønt.

- Kylling: Kylling må vere gjennomsteikt, men det er ikkje godt når det er tørrsteikt. Det er lettast å få til begge delar om du deler opp filetane. Bruk litt olje i panna, ha litt meir enn middels varme når du legg i kjøttet, brun på alle sider, og skru ned og steik ferdig på mindre enn middels varme. Sjekk ein bit - er det ikkje raudt inni, så er han steikt. Eg brukar kverne litt krydder over når kyllingen er ferdigsteikt; kvitløk, peppar, chilipeppar... (Desse krydderkvernene har i det heile tatt gjort kjøkkenlivet på landet litt betre.) Hugs at når du har med kylling å gjere, så skal du vere ekstra påpasseleg - vask hendene ein ekstra gong, bruk ei rein skjærefjøl og ein rein kniv. Vask utstyret før du brukar det til noko anna.

- Pinjekjernar: Rist dei i tørr panne. Dei svir seg raskt, så følg med. Rista pinjekjernar smakar meir og betre enn rå.

- Pære: Tja, du får kjøpe dei pærene du får tak i.

- Parmesan: Eit lite dryss med ferskriven parmesanost, gir fylde og god smak. Eg har lese ein stad at parmesan skal skavast med ein litt sløv kniv. Det er jo lettvint òg.

- Dressing: Eg er ingen fan av rømmedressingar, heldigvis. Eg har berre litt olivenolje, eddik av noko slag - eller sitron, og nokre flak havsalt over. Eg har ein rødvinseddik med bringebærsmak som er alldeles nydeleg til salat.

- Litt bacon er godt til det meste. Sprøtt og røykt set ein spiss på salaten også. Godt brød er sjølvsagt også godt til. Du får rekne litt på energibehovet om du vil ha med bacon og brød også ;-)



Vi et for mykje raudt kjøtt, metta feitt og raske karbohydratar i forhold til korleis vi lever liva våre. Og reint bortsett frå at vi generelt et for mykje, så et vi for lite frukt og grønt, samtidig som vi treng protein, karbohydrat og sunne fettsyrer for å halde maskineriet i gang. Ein slik salat gir sunne fettsyrer (olivenolje, pinjekjerner, kylling), masse vitamin (tomat, salat), protein (kylling), kostfiber (salat), mineral, antioksidantar... På ingen måte ei uttømmande liste, de skjønner poenget. Så - spis salat.

Forresten:
- for mykje av ein god ting... Eg vil gjerne treffe den som klarer sprenge energirekneskapen med salat og tomat, men elles er det lurt å halde eit auge med mengden av gode ting også når ein et salat - ost, brød, pinkjekjerner, bacon... 

måndag 4. januar 2010

Mitt 2009

oppsummeringa skjer (forsøksvis) under mottoet for denne bloggen: 
personleg men ikkje privat, 
engasjert men ikkje nødvendigvis politisk, 
reflekterande men ikkje omstendeleg 

Januar:
Fylte 30. Småkritisk i grunnen. Feira med ABBA-fest i Bø og tapas på San Leandro i Oslo.



Februar:
(Eg hugsar absolutt ingenting frå februar! Kva gjorde eg i februar? Eg åt sikkert masse sushi, men kva meir?)

Mars:
Fekk ny jobb som statssekretær. Var ordstyrar på SV sitt landsmøte i Bergen. Sveitt heile måneden, med andre ord.

April:
Konferansier på konsert på Ederkoppen. Forskingsmeldinga lagt fram; elddåp mange dagar på rad.



Mai:
Jobba. Kjente lusa på gangen, og for til Tunisia innimellom alle rauddagane.

Juni:
Kompetansemeldinga endeleg ferdig. Vart veldig bra til slutt.

Juli:
Hadde to uker ferie i Bø, deretter sommarvakt på jobb. Gleda meg til Oslo-sommar - måtte vel vere den verste Oslo-sommaren nokon sinne? Sivneinfluensaberedskap høgt på agendaen.

August:
Valgkamp. Skrive, lese, tale, skrive, lese, tale. Forklare. Hyggeleg å opne studieåra i Bodø og Vestfold.

September:
Stortingsvalg. Vi vann og tapte samtidig. For på Bagatelle liksågodt.



Oktober:
Ei uke ferie i nord. Pussa opp stua. Sa opp. Flytta heim til Bø :-)

November:
Rydda. Bakte. Trente. Laga ny blogg!



Desember:
Bestemte meg for at å vere turist i Oslo er mykje finare enn å jobbe i Oslo. Bakte endå litt til. Julehus og julemat.