søndag 29. november 2009

Muffins med sitronmarmelade



Eg har ei dragning mot Starbuck's når eg er i byar der slike finst. Dette til tross for at eg alltid er litt småkvalm når eg går ut derifrå. Latten er litt for mektig, og kakene er litt for søte, og i sum blir det akkurat litt for mykje. Men, på Starbuck's må eg. Her er muffins som er inspirert av slikt som ein får på kaffehus rundt om:

100 g smør, helst usalta
250 g sitronmarmelade
300 g sikta kveitemjøl
2 ts bakepulver
90 g sukker
2,5 dl mjølk
2 egg

Ha smør og marmelade i ein kasserolle og varm forsiktig til smøret er smelta. Avkjøl litt. Bland mjøl og bakepulver og sikt det i ein bakebolle. Rør i sukker. Pisk mjølk og egg lett saman og bland i mjølet. Rør i smør og marmelade. Her verken treng eller skal du røre mykje, røra skal berre bli blanda:


Fyll store muffinsformer trekvartfulle. Steik på 200 grader nestnedst i omnen i 20-25 minutt. Avkjøl på rist.

Eg brukte fullkornskveitemjøl fordi eg synest det er godt. I oppskrifter flest er det brukt appelsinmarmelade i slike kaker, men eg hadde ein sitronmarmelade som strengt tatt ikkje var så god, så derfor brukte eg den. Den litt bitre smaken gjorde seg i ei søt kake.



Velbekomme!

3 kommentarer:

  1. Men Åsa, latte frå Starbucks smakar ikkje kaffe, jo! Men muffins så namnam ut :)

    SvarSlett
  2. det er alt for mykje latte (aka melk) i latte frå Starbucks. Men eg er ein kaffesnobb, og eg,nyt heller ein cortado - så eg skal halde fred :)

    SvarSlett