måndag 21. desember 2009

Honningkake

150 g smør
250 g honning
4 eggeplommar
250 g sukker
1/4 ts malt svart peppar
1/4 ts malt nellik
1/4 ts malt ingefær
1 ts bakepulver
250 g sikta kveitemjøl
1 ss hakka mandlar
4 eggekvitar

Smelt smør, ha i honningen og varm til honningen er flytande. Pisk eggedosis av eggeplommar og sukker (eg reduserte til 175 gram sukker). Bland smøroghonningblandinga i eggedosisen, og rør inn det tørre. Stivpisk eggekvitane og rør dei forsiktig i røra. Smør ei brødform - godt! Ha gjerne ein strimmel med bakepapir i botnen. Steik nedst i omnen på 150 grader i 60 - 80 minutt. Legg over eit bakepapir om kaka blir for mørk. Avkjøl kaka litt i forma før du kvelver henne på rist.

Denne oppskrifta fann eg i Maison Mat og vin (desember 2009).

Velbekomme!










3 kommentarer:

  1. Prøv å smøre litt meierismør på skivene! Med ein kopp te! Det er himmelen.

    SvarSlett
  2. Ja, det er veldig tekake. Dei sel slike lekre honningkaker på Palais des Thés. Fann ut eg måtte prøve sjølv :-)

    SvarSlett
  3. ...veldig godt med meierismør på, ja...

    SvarSlett