Ein held vel på å bli steingammal når pakkane på julekvelden har blitt forbigått av mat på lista over det ein gler seg til. Ribba til ho mor, pinnekjøttet og raspekakene til han far - og alle frokostane med nytina horn og godt pålegg - ah! Eg gler meg til jul, eg :-)
Som eg har vore inne på før, så er det litt utfordrande å skulle forklare oppskrifta til gjærbakst. Men her er likevel eit forsøk på ei oppskrift på horn av ein grovare type:
Som eg har vore inne på før, så er det litt utfordrande å skulle forklare oppskrifta til gjærbakst. Men her er likevel eit forsøk på ei oppskrift på horn av ein grovare type:
5 dl kokande vatn
2 dl heilkorn
2 dl sesamfrø og linfrø
7 dl vatn
50 g fersk gjær
2 ss sukker
1 ss salt
4 ss olivenolje
2 dl havregryn
2,5 dl sammalt kveite, grov
1 dl sikta rug
1 dl byggmjøl
15 - 18 dl sikta kveitemjøl
Bland frøa og heilkorn med kokande vatn. La det stå til det blir lunka. Varm vatn til 37 grader og løys opp gjæra. Ha dei to blandingane i saman i ein bolle. Bland i olje, sukker og salt. Elt først inn alt det grove mjølet, elt så inn kveitemjølet til passe deig. Hev under plast på ein lun stad til dobbel storleik. Slå ned og hev opp igjen. Bak ut horn. Penske med egg og strø over gresskarkjernar. Steik på 230 - 250 grader, midt i omnen, i 8 - 15 minutt avhengig av omn og storleik. Avkjøl på rist.
Smelt 100 g smør, ha i 1 l mjølk og varm til 37 grader. (Det går sjølvsagt an å bruke vatn og olje for ein magrare variant, men deigar med mjølk og smør er smidiagre og lettare å halde på med.) Ha i ein bolle og løys opp 50 g fersk gjær. Bland i 1 ss salt og 2 ss sukker. Ha i litt sesamfrø, linfrø, solsikkekjernar... Ha i litt heilkorn og litt havregryn... Fyll på med byggmjøl, litt rugmjøl, og litt sammalt kveite. Elt inn kveitemjøl til passe deig... Eg veit, dette er inga oppskrift. Men det er slik eg vanlegvis gjer det - på gefühlen utan mål. Av og til held eg meg til kostholdsråda om halvt om halvt med fint og grovt mjøl, andre gonger tenkjer eg skitt au - horn er ikkje kvardagsmat så uansett.
Velbekomme!
Vældi godt me litt hakka valnøtter i åsså :) Æ har grovt brytebrød med valnøtter i frysern, som bære vente på å bli satt på borde en julemorra!
SvarSlett