tysdag 8. desember 2009

Pesto av basilikum


Det har gått eit halvt liv sia første gongen eg var borti pesto. Det var ikkje noko hyggeleg møte. Det var hybelliv og hybelkamerat og restar etter pesto på brødfjøla og ein utriveleg smak av - noko heilt framand! - på brunostskiva mi i matpakken...

Sia har pestoen og eg blitt gode venner. Grønn pesto og rød pesto, pesto er godt! Det er nydeleg til pasta, og pesto kan løfte ein litt kjedeleg sandwich til nye høgdar. Heimlaga er godt!


25 g basilikumblad utan stilk
kvitløk
15 g pinjekjernar
15 - 20 g parmesan
1/2 - 1 dl olivenolje
salt
peppar
sitronsaft

Rist pinjekjernene. (Steik dei i tørr panne på middels varme. Dei blir fort svidd, så pass på.) Set til side og avkjøl. Eg brukar morteren, og støter basilikum saman med kvitløk. Fersk kvitløk er veldig sterkt, eit kvart lite fedd held for min smak:



Ha i dei avkjølte pinjekjernene,
og støt vidare:




Ha alt over i ein bolle, ha i halvparten av osten,
og ha i olivenolje nok til at du klarer blande det heile:



Smak. Ha i litt salt, litt peppar,
litt meir ost, litt meir olje, smak.



Og gjenta. Gjenta til du synest det er passe. Litt meir ost? Litt meir peppar? Du bestemmer smak og konsistens heilt sjølv. Når du synest det er passeleg, har du i nokre dråpar sitronsaft heilt til sist.

Velbekomme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar