søndag 3. januar 2010

Bortsj; rødbetsuppe frå Østerled



Suppe er undervurdert! Ein kan lage suppe av alt, og det er ein veldig fin måte å få i seg masse grønnsaker, og dermed fiber, vitamin og mineral. Det treng vi vel alle påfyll av i byrjinga av januar? Suppe mettar godt og lenge, og det blir eit fullerdig måltid når du gjer det til eit fullverdig måltid.

Eg var i Russland første gongen i 1998. Det var ei oppleving på mangslags vis, også kulinarisk. Det var ikkje alle smakane som fall meg like godt i smak, men rødbetsuppa har vore ein favoritt sia. Denne suppa finst det like mange variantar av som det finst husmødrer aust for - tja, finskegrensa, kanskje? Rødbeter er bra for oss. Det er mager kost, og særleg rike på folsyre i tillegg til kalsium, jern og fosfor. Her er ei enkel rødbetsuppe:

1 kg rødbeter
2 potetar
1 l oksekraft eller -buljong
1 laurbærblad
heile pepperkorn


Del rødbeter og potetar i terningar, ha dei i ein kasserolle saman med resten av ingrediensane. Kok i 30 - 45 minutt til grønnsakene er møre. Ha alt bortsett frå laurbærbladet i ein blender og kjør til det blir finmosa. Server med ei skei yoghurt naturell i kvar tallerk.

Velbekomme!

2 kommentarer:

  1. Hej!
    Försöker följa din blogg via RSS med får ett felmeddelande. Bara så du vet att något är fel :/

    Prövar igen imorgon :)

    SvarSlett
  2. Hjelp... Eg veit ikkje om eg veit korleis eg kan gjere noko med det. Skal prøve å fikse det. Beklager feilen!

    SvarSlett