laurdag 16. januar 2010

Sachertorte

"Sachertorte (tysk for «Sacher-kake») er en type sjokoladekake oppfunnet av Franz Sacher (1816-1907) i 1832 til fyrsten og statsmannen Klemens von Metternich i Wien i Østerrike. Det er en av de mest berømte kulinariske spesialiteter fra Wien. Kaken består av to lag ikke for søt sjokoladebunn med et tynt lag aprikosmarmelade mellom og mørk sjokoladeglasur oppå og på sidene." (frå Wikipedia)
Sachertorte er altså ei legendarisk sjokoladekake som ingen tør seie at dei har den rette oppskrifta på. Mandlar og marsipan er visst omstridte ingrediensar i kaka. Eg prøvebaka eit kompromiss av denne og denne varianten:

Kakebotn:
100 g smør
120 g kokesjokolade
5 eggeplommar
10 g ekte vaniljesukker
100 g melis
4 eggekvitar
120 g malte mandlar
50 g kveitemjøl

Fyll og glasur:
1 boks hermetiske aprikosar
100 g marsipan
150 g finhakka kokesjokolade
1 dl fløyte

Smelt smør og sjokolade på svak varme, rør saman til ein smidig masse. Set til side og avkjøl litt. Pisk eggeplommar, vaniljesukker og 25 g melis luftig. Set til side. Pisk eggekvitane stive, ha i resten av melisen (75 g) og pisk til marengs. Bland eggedosis, marengs, sjokoladeogsmørblanding, malte mandlar og mjøl til ei klumpefri røre; ikkje rør meir enn nødvenig. Steik nestnedst i omnen på 180 grader i 40 - 50 minutt. Avkjøl på rist.

Del kaka i to eller tre lag. Mos aprikosen med stavmiksar. Bruk laken frå aprikosboksen til å dynke kaka med. Fyll med aprikos melom laga, og på toppen av kaka også. Og det er no det blir moro for oss amatørar som aldri har laga marsipankake før: I oppskrifta står det: "Kjevle halvparten av marsipanen til en rund leiv som dekker hele kaken og bre den lett og pent over kaken." (mi utheving) Ha-ha-ha. Kjempeartig. Eg har i dag meldt meg på marsipanlokkjevlekurs etter at eg erfarte den harde vegen at ein ikkje skal bruke melis når ein kjevlar marsipan, men gjerne litt kveitemjøl. Denne gongen skulle det heldigvis vere sjokoladeglasur over marsipanlokket så det var ikkje så farleg:

Kok opp fløyten, ha i den hakka sjokoladen, og rør saman til ein smidig glasur. Avkjøl litt før du har glasuren over kaka, stryk glasuren ut langs sidene av kaka også. (Ja, eg veit, dette er av dei ting som ser så lett ut i oppskrifter, og så blir ein heilt søkksveitt når ein står der og skal gjere det sjølv. Men det går bra!) Server gjerne med piska krem.



Det er ein grunn til at de berre får sjå bilde av eit kakestykke. Men kaka vart god altså ;-) Neste gong vil eg prøve med meir sjokolade i botnen - kanskje litt kakao også? Som de ser er det ikkje hevingsmiddel i kaka, men den hevar seg likevel på grunn av marengsen og eggedosisen. Det er sjølvsagt mogleg å ha i ei ts bakepulver i tillegg om ein vil ha kaka endå høgare.

Velbekomme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar