onsdag 6. januar 2010

Surdeigdebuten

Det er ikkje all matlaging som går bra på første forsøk, ikkje på andre heller. Mine første surdeigsbrød vart litt triste i grunnen (biletet til venstre). Eg brukte framgangsmåten til bakaren i Lom, Morten Schakenda, for å lage surdeigsbasen. Brøda vart smakfulle, dei heva seg - meir enn det ser ut til på biletet, men ikkje nok. Ikkje nok i det heile tatt.

Alle dei sju dagane det tok å lage ein surdeigbase, syntest eg at deigen var fastara enn eg forventa ein surdeig skulle vere. Men eg tenkte som så - sia du ikkje har gjort dette før, så skal du gjere som du får beskjed om. Etter å ha sett resultatet, byrja eg forske litt meir. Eg las litt på nettet, og då eg fann ut at dei fleste, inkludert Schakenda sjølv, deler oppskrifter med om lag dobbelt så mykje vatn som den som står i boka. Etter eit lite hjertesukk på Twitter, fekk eg nokre gode råd *takkar @StHanne og @surdeig* så eg bestemte meg for å prøve igjen.

I staden for å starte heilt på nytt, tok eg halvparten av den surdeigen eg hadde, og blanda den med 2 dl lunka vatn og 120 g sammalt rug. Det gjorde eg to gonger - og pang! Der hadde eg surdeig utover heile kjøkkenbenken då eg kom heim frå trening og deigen hadde fått heva seg i fred! Sjeldan har vel gliset vore breiare når eg har tørka over kjøkkenbenken.

Eg hadde lyst å prøve brøda med det tiltrekkande namnet "Svensken" (også Schakenda). Det første forsøket var eit dansk rugbrød med masse heilkorn. "Svensken" er laga av sammalt spelt og sammalt rug. Mine andre surdeigsbrød vart slik:



Brøda må ikkje samanliknast med gjærbakst, og ikkje med kveitemjølbakst - det fortener dei ikkje. I desse brøda er det altså utelukkande sammalt mjøl. Det er eit under at det i det heile tatt hevar seg!

Ikkje alle likar surdeigsbrød. Det har ein karakteristisk smak, og særleg dei grove brøda har ein syrleg smak som eg kan skjønne at ein ikkje synest noko om. Men eg liker det, og eg er interessert i å lære å bake slike brød av to grunnar: Konsistensen på dei fine surdeigsbrøda er alldeles nydeleg (ja, smaken òg sjølvsagt), og surdeig gjer det mogleg å bake rugbrød som er 100% grove. Det er umogleg med gjær. Det er også eit pluss at grove surdeigsbrød held seg i all evigheit, og det er ikkje å forakte i eit hus der det bur berre ein.

Om nokon har lyst å prøve seg, så anbefaler eg surdeig.no for innføring og bloggen Pain de Martin for inspirasjon. Ei av oppskriftene der står på agendaen min i dagane som kjem... Dette er spennande!




8 kommentarer:

  1. Ser nydelig ut. Blir inspirert.

    SvarSlett
  2. Å, du skulle ha fått startar hos meg. Om eg var meg, og du var deg, og det var eitt år sia. Men kan ikkje sende i posten.

    SvarSlett
  3. Vyrde kamerat! Godtå se at du har det bra i Bø, men vi skulle gjerne ha hatt deg her i gangen hos oss. Godt nyttår! Eli Anne

    SvarSlett
  4. Godt nytt år til deg også, Eli Anne! Eg saknar de som er menneske i det huset, men ikkje gangane. Men eg er glad for at gode folk arbeider vidare for viktige saker, så kan eg halde på med godsakene mine... ;-)

    SvarSlett
  5. Jeg har vokst opp med surdeigsbrød. Kanskje jeg skal prøve mor sin oppskrift og gi deg den om jeg får det til?

    SvarSlett
  6. Det var ein veldig god idé, Frøydis! Eg er med!

    SvarSlett
  7. Gratulerer med surdeigsdebuten! Jeg har også laget mitt første surdeigsbrød, og gjort de samme erfaringene som deg med surdeigsbasen som ble laget etter Schakendas oppskrift...

    Trine ;)

    SvarSlett
  8. Takk i like så, Trine ;-) Ser jo veeeeldig bra ut dei du har laga! http://trineblogg.blogspot.com/2010/01/lyst-surdeigsbrd.html

    Hmmm, pussig med den oppskrifta. Lurer på...

    SvarSlett