torsdag 25. februar 2010

Kyllingkarbonader med brokkolisalat


Dette er rask middag som attpåtil er sunn og god. Mengden ost i karbonadene og i salaten avgjer kor sunt - og kor godt - det blir til slutt:

1 pk kyllingkjøttdeig
parmesan
1 chili
2 fedd kvitløk
salt
peppar

Finhakk eller rasp parmesanosten, finhakk kvitløken og chilien om du brukar fersk. Bland alt saman med ein gaffel. Det trengst ikkje mykje blanding om du skal lage karbonader. Hugs at osten er salt, så det skal ikkje mykje meir salt til. Form til karbonader, og steik dei i eitt minutt på kvar side i godt varma panne. La dei ettersteike på middels låg varme til gjennomstekt, gjerne under lokk. 


Kyllingkjøttdeig gir saftige karbonader og kjøttbollar, og du kan tilsetje kva du vil til deigen. På biletet er også denne brokkolisalaten som du finn på Trines mektige matblogg. Den var veldig god til kyllingkarbonadene. Eg hadde ikkje kapers i huset, men tilsette nokre pinjekjernar og pittelitt flaksalt i staden. 

Velbekomme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar