Jo meir ein lærer om ein ting, jo meir skjønner ein at ein ikkje veit. Sant? Eg har hatt ein raptus og lese alt eg har komme over om gjærdeigar og surdeigar. No har eg tatt laus på kaffe. Det å kunne slenge innom ein stad å hente god kaffe, er av dei ting eg saknar etter at eg trekte nordover. Men med kaffekvern og aeropress så har kaffekvaliteten stige i heimen. Så viser det seg at det kan bli endå betre...
Frå siste reisa vart boka "Lag verdens beste kaffe med Tim Wendelboe, verdens beste barista" med meg heim. Fin bok, lettlese, mange aha-opplevingar undervegs. La meg dele nokre av knepa. I dag - korleis lage god presskannekaffe.
Første gongen du prøver, skal du leite fram diverse utstyr som du neppe hadde tenkt var noko poeng i å bruke når du skal lage kaffe. Men alt utstyret har ei meining. Når du har funne meininga, kan du heller slumse litt etterpå.
- termometer; kaffen blir best når han blir trekt med vatn som held mellom 90 og 96 grader
- vekt; nøyaktige mål er viktig også når du lagar kaffe
- kaffekvern; kaffen blir best når du brukar nymalte bønner
- vasskokar, kopp, skei
- ja, også kaffebønner ;-)
- Begynn med å vege vatn og kaffe. Forholdet kaffe - vatn skal vere 60-70 gram kaffe per liter vatn, sier Wendelboe. Finn ut kor mykje vatn som går i presskanna (ikkje fyll heilt opp, det skal jo vere plass til kaffe også), og rekne ut kaffemengden ut frå det.
- Hell varmvatn frå springen i presskanna for å forvarme den.
- Sett på vasskokaren.
- Mal kaffen til ein stad mellom filtermalt og kokemalt.
- Sjekk temperaturen på vatnet du kokar. Kvell ut vatnet i presskanna. Ha i kaffen.
- Kvell i vatn til presskanna er halvfull. Rør rundt med ei skei. Dette gjer du for å at all kaffen skal bli våt. Fyll kanna med vatn. Ikkje sett på lokket.
- La kaffen trekke i 4 minutt.
- Bryt toppen ved å stikke ei skei nedi. Fjern det beige skummet med samme skeia.
- Sett på lokket og press ned.
- Drikk med ein gong. Ferskvare.
Omstendeleg? Tj-nej! Det er eigentleg berre å innarbeide ein ny rutine. Når du har gjort dette nokre gonger, så høyrer du på vasskokaren når temperaturen er rett. Du finn ut kor mange skeier som er rette mengden kaffe. Og du gjer alle dei andre tinga automatisk som med alt anna som ein gjer kvar einaste dag. Det er verdt å prøve metoden; dette blir ein delikat kaffe heilt utan bittersmak. Nesten som på kaffebar.
I lys av alle blogge-etikk-diskusjonar i det siste så presiserer eg at:
Ingen har bede meg om eller betalt meg for å skrive denne bloggposten.
Men eg skjønner at det har ein viss (pitteliten) reklameverdi.
So be it.
God kaffe er då litt av meininga med livet?
Veldig fin bok. For tida går det mest i nykvernet presskannekaffe her også.
SvarSlettDet finnes et videoklipp også:
http://www.espressocatering.no/hvordan-bruke-presskanne/
Go kaffe e veldi meininga me live! :D
SvarSlettJørund: Trivst med aeropressen også, altså ;-)
SvarSlettJeanette: Nemlig!
God kaffe er den eneste kaffen som er verdt å drikke. Ja til mer kaffenerding! Og du har lik min høyst elskede kaffekvern :)
SvarSlettDen boken må jeg skaffe meg. Og så får jeg vel prøve å løfte bålkaffen til ny dimensjon i sommer.
SvarSlettElisabeth: Superduper heimekvern!
SvarSlettBål etc: Eg gler meg til å høyre om bålkaffe i nye dimensjonar! ;-)