tysdag 2. mars 2010

Wok med svinekjøtt, grønnsaker og saus fra Wenches kjøkken


Etter å ha sutra ein del over at eg ikkje finn det eg vil ha av grønnsaker i butikken, så har eg tatt meg sjølv i nakken, og sagt strengt til meg sjølv: Med eit par boksar hermetiske grønnsaker, og nokre trauste, norske grønnsaker, så kan du lage veldig god mat. Du kan til og med bruke det som ligg i frysedisken. Då kan ein lage god og sunn mat, kvar dag. Til og med på vinteren, og til og med langt nord for polarsirkelen. 

Nok til 2 svoltne:

400 g indrefilet av svin
1/2 brokkoli
1/2 pk sukkererter
1/2 boks minimais
1/2 boks vannkastanjer
1/2 raud paprika
purreløk
chili
kvitløk
rapsolje

Til sausen:
3 ss finhakka fersk ingefær
3 ss soyasaus (med mindre salt)
3 ss sweet chilisaus
2 ss limesaft
1 ss østerssaus

Start med å lag sausen. Bland ingrediensane og la det stå og trekke minst eit kvarter. Gjer klar alt til woken:

Kjøtt: Tørk av kjøttet med kjøkkenpapir, og del i fine, smale strimler. (Eg lot kjøttet liggje i pakken på benken frå føremiddagen for at det skulle bli temperert. Då går det fortare å steike kjøttet, og det held på kjøttsafta og blir meir saftig og mørt enn om du hiv det rett frå kjøleskapet til panna.) Vask fjøl og kniv før du går laus på grønnsakene. 
Brokkoli: Legg helst i litt lettsaltavatn for å få ut eventuelle udyr. Minimumsløysinga er å skylle veldig godt i friskt kaldt vatn. Del i små bukkettar. 
Minimais: Sil av laken, skyll, del i tre.
Vannkastanjar: Sil av laken, skyll - hei! Dei var jammen ferdig oppdelte :-)
Sukkererter: Skyll godt i kaldvatn. Del i to.
Paprika: Del i to. Skyll, ta vekk hinner og steinar. Del i bitar så store som sukkerertbitane. 
Purreløk: Del i to på langs. Skyll godt. Del i bitar som er større enn om du skal steike løk til annan mat. 
Chili: Del i to på langs. Skjær vekk hinner, fjern steinar. Finhakk. (Ikkje gnu deg i auga dei neste fire timane!)
Kvitløk: Press eller hakk som du brukar. Det er så mange ekspertråd der ute, eg orkar ikkje blande meg i kva som er beste metoden. 


Start med å steike kjøttet. Det beste er å steike liten mengde i fleire omgangar. Eg steikte denne mengden i tre omgangar. Varm ei wokpanne, eller ei panne med høge kantar (sautépanne) til ho blir skikkeleg varm. Ha i litt rapsolje, og steik raskt medan du rører rundt. Det går kjempefort om kjøttet er temperert. Prøv med å dele ein av dei store bitane etter eit minutt,  så ser du. Legg kjøttet på ein tallerk og set til side. 

Eg steiker deretter chili og kvitløk på lågare varme enn wok-temperatur. For at det ikkje skal svi seg, vel eg å setje det også til side, men det er neppe heilt nødvendig. Deretter wokar eg grønnsakene; max varme, rører og rister rundt i panna. Ikkje ha i alt på ein gong; dei som treng lengst steiketid først; brokkoli, mais, paprika, sukkererter, vannkastanjer, purre. Ikkje steik for lenge! Det går fort, og det er trist om det er oversteikt. Sil woksausen over grønnsakene, ha i kjøttet, kvitløk og chili, og varm i omtrent eitt minutt, då skulle alt vere gjennomvarmt. 


Dette er mykje kjøtt til to, men vi fortente det... Du kan lett lage ein større porsjon med å auke grønnsaksmengden, utan at du dermed treng å auke kjøttmengden. Server eventuelt med ris eller nudlar. 

Variasjon: Kylling, gulrot, hodekål, sopp, aspargesbønner, cashewnøtter, sesamfrø... Det finaste med wok er at ein tar det ein har. Har ein ingenting, så er det berre å sjå etter ein gong til, så var der visst noko som kunne brukast likevel. Ikkje? Ikkje så mykje som ein hermetikkboks og ei gulrot ein gong? 

Velbekomme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar