onsdag 16. juni 2010

Smak

Vinnaren er: Storm!

(Biletet er tjuvlånt 
- with credits -
frå http://www.stormpedersen.com
Sue me!)

Vi fekk utruleg mange gode forslag på namn. Det har vore ein fryd å lese forslaga, og slett ikkje lett å bestemme seg. Storm Pedersen føreslo at kaffebarklesbutikken skulle heite:

Smak

Og det skal den! "Smak" er eit godt og dekkande namn på ein stad der ein kan slenge innom og hente ein latte, ein stad der ein kan setje seg å ete ein kanelbolle og sjå mot Mannen fra havet, ein stad der ein kan plukke opp ein ny tights og tøffe øredobbar til helga.

Storm skal få premien sin pent innpakka og sendt dit han vil. Han blir forresten å sjå på tv-skjermen i haust, og til då kan de følgje sprella hans i NY på bloggen hans. Eg veit ikkje eg, Storm, men det er kanskje kaffe du er mest interessert i å få i premiepakken din? :-*


Takk for innsatsen alle sammen, eg gler meg til å ønskje dykk alle velkommen til Smak i slutten av juli!

3 kommentarer:

  1. Kjempefint og passende navn på en kaffebarklesbutikk. Lykke til med oppstarten.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med valget av navnet:) Passer kjempeflott:)

    SvarSlett
  3. Supert! Du har sikkert åpent til reginedagene - da kommer vi innom!

    SvarSlett