onsdag 25. november 2009

Frukt- og nøttebrød


600 g tørka frukt
400 g nøtter
100 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
3 egg

Grovhakk frukten og nøttene. Bland i kveitemjøl og bakepulver. Pisk egga lett saman og arbeid saman til ein deig. Her er det nok inga anna råd enn å ta hendene til hjelp.

Kle ei brødform med bakepapir. Press deigen ned i forma. Dekk toppen med bakepapir.

Steik nestnedst i omnen på 160 grader, i 60 - 80 minutt. Det er ikkje heilt lett å vite når det er passe steikt, men det skal i alle fall ikkje sitje noko fast på fyrstikka. Avkjøl på rist.



Denne oppskrifta har eg klipt ut av Kamille. Eg har brukt aprikos og svisker fordi det er det eg får tak i her, men det er sikkert veldig godt med tørka eple i også. Brødet er nydeleg til blåmuggost og noko søtt, som fikenmarmelade.

Velbekomme!

4 kommentarer:

  1. Nam nam :) Synd man ikkje e i Bø oftar når du laga så masse god mat! Æ e en nybegynner på blåmuggost sjøl - men æ kjøpt en god på 'bondens marked', og fikk med heimlaga knekkebrød. Utrulig godt, med kirsebærmarmelade tell. Det e så herlig å kuinn spis sånner osta igjen :)

    SvarSlett
  2. Bondens marked e fantastisk - vi har ikkje nåkka som ligna på det i Bø. Kanskje vi kan lag nåkka?

    Det kjem oppskreft her på heimelaga knekkebrød en av de nærmaste dagan :-) Det e nam! Og det e lettvint! Kordan va det som du kjøpt? Rug?

    SvarSlett
  3. Æ tok vare på innholdsfortegnelsn, førr æ tænkt at æ mått prøv å lag nåkka lignanes :) Det e sammalt rug, havregryn, havrekli, sesamfrø, linfrø, solsikkefrø, kruskakli og salt.

    SvarSlett
  4. Nettopp sprettopp :-) Då ska du få oppskrift i mårra!

    SvarSlett