fredag 27. november 2009

Omnsbakt kveite

Ein fin kveitefilet på omlag 600 gram viste seg å vere pittelitt meir enn nok til tre vaksne. Slik gjorde eg:

Delte fileten i porsjonsstykke. Blanda ganske mykje olivenolje, kvitløk, balsamicoeddik og 2 laurbærblad i ei eldfast form. La fisken i og lot han trekke litt:


Steikte på 140 grader, nestnedst i omnen, i 8 minutt. Tok fisken ut og lot han trekke litt medan eg laga topping. Til det brukte eg cherrytomat, soltørka tomat, grønne oliven, sjalottløk, pinjekjernar, rosiner, sitronsaft, salt og peppar. Hadde toppingen på fiskestykka...


...og bakte i omnen på 200 grader i 3-4 minutt, deretter 140 grader i 3-4 minutt. Det vart eit lite hakk for lenge; truleg fordi eg var litt for redd at det ikkje skulle bli steikt. *noterer bak øyret*

Tilbehør vart potetstappe og brokkoli, og denne sausen inspirert av Lofotkokken Mareno Storeide:

1 sjalottløk
1 ss smør
1 ts karri
3 dl kremfløyte
7 dl fiskekraft
2 ts maisenna
2 dl hermetiske maiskorn
100 g krossade tomater

Surr løken i smør saman med karri, til han blir blank. Ha i fløyte og kraft og kok til halv mengde. (Det tar si tid.) Rør maisenna ut i kaldt vatn og jamn sausen til han er passe tjukk. Ha i mais og tomat rett før servering.

Maisen klarte vi eigentleg ikkje å skjønne hadde nokon misjon, men han var ikkje i vegen heller. Så: Likar du mais, ha i mais; er du ikkje så begeistra for mais, dropp det. Eg hadde ikkje fiskekraft og brukte fiskebuljong. Eg fekk heller ikkje tak i grasløk og persille som sikkert hadde vore godt i. Men eg skal ikkje klage; eg hadde kveite :-)


Kveita har ord på seg for å vere ein hellig fisk. Så kvit og fast i kjøttet at det er knapt så ein kan tru det.

Velbekomme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar