onsdag 2. desember 2009

Bergensk fiskesuppe

Den beste fiskesuppa eg nokon gong har spist, fekk eg servert av min favorittbergenser. Eg skal ikkje trekke opp alt det der med tørrfisk og Hansahandel og sånn, men nøye meg med å slå fast at bergensk fiskesuppe er aller best med nordnorsk fisk.

Eg har litt å gå på for å nå bergensernivået i suppekokinga, men denne oppskrifta til Andreas Viestad brukar å bli god.



Det beste eg veit med Andreas Viestad er at han stort sett er pragmatisk, men prinsipiell når det trengst. Eg gjer som Viestad seier: Brukar fiskebuljong når eg ikkje har fiskekraft. Ikkje la mangel på det beste vere til hinder for å lage veldig god mat med nestbest :-)

Velbekomme!

2 kommentarer:

  1. Og nå ble jeg nysgjerrig - hvem er din yndlingsbergenser?

    SvarSlett
  2. Hyperkopling, min venn. Hyperkopling...

    SvarSlett