søndag 20. desember 2009

Bøfjerding i julegave?

Det var med litt delte kjensler at eg oppretta ein blogg med namnet "Bøfjerding". Sia eg var lita har Bøfjerding stått i bokhylla, og det kjennest litt utidig å ta namnet.

Bøfjerding er ei årbok med lokalhistorisk innhald frå Bø. I årets bok har to jubilerande menn fått kvar sine artiklar. Mannen fra havet er 15 år, og det er 150 år sia Knut Hamsun vart fødd. Hamsun jobba i to eitt år som lensmansbetjent og eitt år som omgangsskolelærar i Bø - ikkje mange meter frå der Mannen fra havet står i dag. (Utan at det er nokon større samanheng enn som så. Trur eg.) Blant mykje anna er det også ein artikkel om Sjøbruk som han Petter (i (!)) Brenna har skrive.

Boka er å få tak i rundt om på butikkane i Bø, eller ved å kontakte folk i redaksjonen. Fin julegave til bøfjerdingar som har alt, og anna godtfolk :-)







2 kommentarer:

  1. Oops.. Knut Hamsun var omgangsskolelærer det første året og lensmannsbetjent det andre året. Flott bok forresten. Har allerede kjøpt den.

    SvarSlett
  2. Usj. Æsj.
    Takk for korreksjonen!

    SvarSlett