laurdag 26. desember 2009

Iskrem

Jula for to år sia låg det ein iskremmaskin under juletreet. Det har vore til stor glede for slekta. Eg kjem ikkje på så mykje som ikkje smakar betre heimlaga enn det ein kjøper eller lagar av halvfabrikat. Men iskrem som er laga heime, smakar rett og slett noko heilt anna, og mykje mykje betre enn den du kjøper. Nokre (dyre) italienske typar er også veldig gode, det er ikkje det, men det får vi ikkje tak i her i Bø, gjer vi vel?

Iskremmaskina gjer ingenting anna enn å røre rundt medan den frys inn ei røre som du må lage først. Eg har fått nokre spørsmål om det er som ein brødbakemaskin der du har ingrediensane oppi, og så blir det fiks ferdig, men slik er det altså ikkje. Men det er jo innfrysinga som er heile løyndomen med is, så eg synest iskremmaskina er magisk likevel ;-)

Eg veit ikkje om eg kan kalle det ein tradisjon, men det har i alle fall blitt ei ganske uttalt forventning om at vi skal ha minst fem forskjellige typar heimlaga iskrem på nyttårsaften. Og sånn går no romjula... Det er nemleg ein ulempe med iskremmaskina: fryseelementet treng minimum 18 timar i frysaren etter bruk. Eit døgn i praksis. Ein is kvar dag, sånn rundt rekna.



Første året hadde vi vaniljeis, sjokoladeis, kaffeis, jordbærsorbet og blåbæris. I fjor hadde vi vaniljeis, sjokoladeis (ein meir avansert variant enn første året), molteis, mangois - og kva var den siste? Skal tru om det var ein jordbærfløyteis? I år blir det - tja, det blir i alle fall den gode sjokoladeisen, den kjem vi oss ikkje utanom. Vi startar der, og ser korleis det utviklar seg.






2 kommentarer:

  1. Vi har og ei slik, og brukar den alt for lite, dessverre. No skal eg sjå om inspirasjonen sig over på meg! ;-)

    SvarSlett
  2. Det håpar eg at den gjer! Godt nytt år!

    SvarSlett