fredag 4. desember 2009

Pizzadeig à la Viestad


Pizzadeigen blir av og til skikkeleg dårleg, og andre gonger heilt perfekt, utan at eg heilt kva eg gjer forskjellig frå gong til gong. Sist bestemte eg meg for å prøve Andreas Viestad sin variant:

1,5 dl vatn
15 g gjær
4 dl mjøl, helst finmalt durumkveite
4 ss olivenolje
1 ts salt

Varm vatnet, løys opp gjæra. Bland mjøl og salt, ha i gjærvatnet og olja. Elt. Lenge. Elt i 15 minutt, seier Viestad. Deigen skal ikkje vere klissete, så ha om nødvendig på meir mjøl. Eg var lydig og elta i 15 minutt:



Set plast over bollen, og hev i ein time på ein lun stad. Kjevle ut og lag pizza slik du brukar å lage pizza. Eg brukte ferskgjer og finmalt durumkveite ("tipo 0"), og eg angra ikkje på det. Det er litt vanskeleg å tru at det er verdt det kvarteret med knaing. Men det er det. Prøv, så kjenner du korleis deigen endrar seg medan du knar. Neste gong vil eg ikkje ha riktig så mykje olje i, men elles skal det få vere slik.

Velbekomme!

4 kommentarer:

  1. Sa han at du måtte kna med hendene og? Skikkeleg gjær trur no eg er det som MÅ til.

    SvarSlett
  2. Han sa ikkje det, men det er no ein liten deig, og når ein vil kjenne korleis det blir, så funkar det. Det er berre å ha ei bok å lese i ved sida av så går det så fort som berre det!

    SvarSlett
  3. Jeg har nå knadd som en gal i 15 minutter, og det ble en knakandes fin deig. Nå gjenstår det bare så se om det endelige resultatet blir like bra som den flotte deigen;o)

    SvarSlett