Det er vel vestlandsblodet i meg som gjer meg så begeistra for ertersuppe kokt på restar av fenalår. Slik gjer eg det:
fenalår
gule erter, tørka
kålrabi
gulrot
potet
Legg ertra i bløyt over natta (det står på pakken korleis...). Del opp fenalåret i mindre bitar, ha det i ein kjele og dekk med vatn. La det liggje i bløyt over natta. Dagen etter kjenner du på vatnet som fenalåret ligg i, kor salt det er. Er det veldig salt, så brukar du reint vatn i tillegg. Er det passe salt, brukar du berre vatnet som fenalåret har lege i over natta. Kok opp vatnet med fenalåret i, skum av, og la det trekke til kjøttet er passe mørt. Det tar om lag 2 timar.
Ta opp kjøttet og kjenn på krafta kor salt ho er. Er det passe salt, tar du så mykje kraft du vil ha i ein kjele og har oppi ertra. Er krafta blitt veldig salt, har du i friskt vatn i tillegg. Kok opp krafta med ertra i, og la det småkoke; koketida for ertra er om lag ein time. Del grønnsakene i spisefine terningar. Etter ein halvtime er det passe tid å ha i kålrabi og gulrot, og avhengig av type potet, så har du den i litt etter. Del kjøttet i terningar, og ha det i heilt til sist - gi eit oppkok slik at kjøttet blir gjennomvarmt. Hugs at både erter og grønnsaker held fram med kokeprosessen lenge etter at du har tatt kjelen av plata fordi suppa held lenge på varmen. Det er derfor lurt å ikkje koke suppa heilt ferdig før du set henne på bordet.

Eg brukte denne gongen også ein rest av lammelår som eg hadde fryse, og som eg hadde i til sist saman med kjøttet frå fenalåret. Smakane av fersk kjøtt og røykt kjøtt kler kvarandre synest eg. Ein lagar gjerne ein stor porsjon når ein først lagar slik mat, og heldigvis er ertersuppa god oppvarma dagen etter også. Hugs då å kjøle den raskt ned, for eksempel ved å setje kjelen i oppvaskkummen fylt med kaldvatn. (Ikkje set på lokket, då kan du få bakterievekst.) Set suppa kaldt til dagen etter.
Server med flatbrød. Velbekomme!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar