Det er ni dagar sia jordskjelvet på Haiti. Morten Jentoft, utanriksmedarbeidar i NRK, skildrar i dette intervjuet korleis det er på Haiti no. Han seier også noko om situasjonen til Haiti som handlar om meir enn den akutte katastrofen.
Det er lett å kjenne seg liten og makteslaus når slike naturkatastrofar slår til; det kjennest så smått å sende nokre kroner. Men det hjelper. Eg valde ut Leger uten grenser denne gongen.
Kvart eit menneske som blir henta levande ut av ruinane, er eit mirakel. Men for kvart mirakel er det mange fleire tragediar. Eg håpar vi klarer å bidra også til langsiktig oppbygging av Haiti.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar