tysdag 5. januar 2010

Spis salat

Buksa sit litt strammare, gjer ho ikkje?

Dette er eit forsøk på å inspirere dykk til å spise salat, sjølv om eg veit at de likar betre å lese om mandelmakronar og kanelbollar. Tingen er at salat er godt, og det er godt for oss. Andreas Viestad skreiv ein gong at salat er berre ei orsaking for å ete gode, feite ting som ein har i tillegg. Han har absolutt eit poeng, men han hadde eit godt poeng til: Skal salat vere godt, så må han befriast for overflødig vatn - det vatnet som sit på utsida og gjer salaten slapp og dvask, slimete og kje-de-lig.



Ein god og mettande middagssalat som ofte er på menyen hos meg, er denne:
blanda grønn salat
gode tomatar
kyllingfilet
pinjekjernar
parmesan
pære
olje, eddik, havsalt

Salaten blir ikkje betre enn råvarene er, men kokken kan bidra til å få det beste ut av det som er tilgjengeleg:

- Salat: Skyll salatane grundig og bruk salatslynge for å befri salaten for vatnet. Når du har tid og ork, så legg du salaten ei stund i isvatn, for at han skal bli endå sprøare. Eg orkar sjeldan det, eg kjem langt nok med salatslynga om salaten er av ok kvalitet i utgangspunktet. (Lågbudsjettvarianten av salatslynge er å leggje vaska salat i eit klede, pakke inn og slynge arma rundt så fort du klarar.) Nokre hevdar at salaten berre blir god om du riv han i mindre bitar, men eg kan vel eigentleg ikkje seie at eg merkar forskjell om eg riv eller snittar med kniv. Av rein latskap hendar det at eg riv han likevel.

- Tomat: Gode tomatar... jaujau, akkarhau, det er ikkje like lett å få tak i gode tomatar alltid, og det er slett ikkje slik at du alltid får det du betaler for. Men cherrytomatane er stort sett alltid betre enn lausvekttomatane. Og perletomatane er oftast veldig gode. Men du må betale. Hugs at tomaten har det betre på kjøkkenbenken enn i kjøleskapet. Der held han betre på smaken, og du unngår at etylen-gassen tar knekken på anna frukt og grønt.

- Kylling: Kylling må vere gjennomsteikt, men det er ikkje godt når det er tørrsteikt. Det er lettast å få til begge delar om du deler opp filetane. Bruk litt olje i panna, ha litt meir enn middels varme når du legg i kjøttet, brun på alle sider, og skru ned og steik ferdig på mindre enn middels varme. Sjekk ein bit - er det ikkje raudt inni, så er han steikt. Eg brukar kverne litt krydder over når kyllingen er ferdigsteikt; kvitløk, peppar, chilipeppar... (Desse krydderkvernene har i det heile tatt gjort kjøkkenlivet på landet litt betre.) Hugs at når du har med kylling å gjere, så skal du vere ekstra påpasseleg - vask hendene ein ekstra gong, bruk ei rein skjærefjøl og ein rein kniv. Vask utstyret før du brukar det til noko anna.

- Pinjekjernar: Rist dei i tørr panne. Dei svir seg raskt, så følg med. Rista pinjekjernar smakar meir og betre enn rå.

- Pære: Tja, du får kjøpe dei pærene du får tak i.

- Parmesan: Eit lite dryss med ferskriven parmesanost, gir fylde og god smak. Eg har lese ein stad at parmesan skal skavast med ein litt sløv kniv. Det er jo lettvint òg.

- Dressing: Eg er ingen fan av rømmedressingar, heldigvis. Eg har berre litt olivenolje, eddik av noko slag - eller sitron, og nokre flak havsalt over. Eg har ein rødvinseddik med bringebærsmak som er alldeles nydeleg til salat.

- Litt bacon er godt til det meste. Sprøtt og røykt set ein spiss på salaten også. Godt brød er sjølvsagt også godt til. Du får rekne litt på energibehovet om du vil ha med bacon og brød også ;-)



Vi et for mykje raudt kjøtt, metta feitt og raske karbohydratar i forhold til korleis vi lever liva våre. Og reint bortsett frå at vi generelt et for mykje, så et vi for lite frukt og grønt, samtidig som vi treng protein, karbohydrat og sunne fettsyrer for å halde maskineriet i gang. Ein slik salat gir sunne fettsyrer (olivenolje, pinjekjerner, kylling), masse vitamin (tomat, salat), protein (kylling), kostfiber (salat), mineral, antioksidantar... På ingen måte ei uttømmande liste, de skjønner poenget. Så - spis salat.

Forresten:
- for mykje av ein god ting... Eg vil gjerne treffe den som klarer sprenge energirekneskapen med salat og tomat, men elles er det lurt å halde eit auge med mengden av gode ting også når ein et salat - ost, brød, pinkjekjerner, bacon... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar