onsdag 6. januar 2010

Bøvariant av thaisuppe Tom Kha Gai


Sia vi først er inne på dette med kosthold: Vi bør spise meir suppe. Det mettar, det er sunt (så sunt som du vil det skal vere i alle fall), og det er kjapp kvardagsmat. Som eg har sagt tidlegare - suppe er undervurdert. Sist eg laga denne suppa, tok eg tida. Det tok femten minutt - inkludert to turar opp på loftet for å hente ingrediensar. Er det kortare eller like lang tid som det tar å lage posesuppe skal tru? Irrelevant! Det smakar så mykje mykje betre.

fersk ingefær, kvitløk og chili
10 dl kyllingbuljong (2 buljongterningar + 10 dl vatn)
50 - 100 g eggenudlar
kyllingfilet
1 pk sukkererter
1 boks kokosmelk (lett)
eventuelt: limesaft, kaffirlimeblad, flytande kyllingbuljong

Hakk ingefær, kvitløk og chili og surr det forsiktig i litt olje i eit minutt eller så. (Kor mykje? Så mykje som du likar...? Prøv med ingefær så stor som ei valnøtt, 2 fedd kvitløk og 1 chili, rød eller grønn.) Ha i buljong og kok opp. Brekk nudlane i mindre bitar, og ha dei i buljongen. Tilpass kyllingmengden etter kor mange som skal spise; det er betre å mette med kylling enn med kokosmel eller nudlar, for å seie det slik. Del kyllingen i passelege spisebitar, og ha i suppa. Kok til nudlane er nesten ferdige (koketid fire minutt) - imens deler du sukkerertene i tre. Sjekk om kyllingen er gjennomkokt. Ha i sukkererter og kokosmelk. Kok opp. Om du har, og vil, smak til med limesaft og kaffirlimeblad. Ha eventuelt i litt flytande kyllingbuljong om du vil ha sterkare smak.



Godt brød er godt til alt, og foccaccia er sikkert nydeleg til denne suppa. Men her i huset er det innskrenking på karbohydratane i januar, så det får bli ein annan gong.

Velbekomme!


9 kommentarer:

  1. Tom Kha Gai er faktisk en av mine favorittsupper, også fordi den er svært snarlaga. Jeg må innrømme at jeg ofte "jukser" litt når jeg lager min variant...:-)
    Da bruker jeg en pk Tom Kha krydder, et par bokser med kokosmelk, evt litt grønnsakkraft, litt wok grønnsaker, fersk vårløk og evt litt kylling.
    Oppskrifta di ser meir skikkelig og fristende ut, og jeg kommer sikkert til å prøve den.
    I følge min thailandske venninne er Kha en nær slektning av ingefær, også kalt galangal. Tom betyr suppe, og Gai betyr kylling. Men det veit du sikkert... :-)
    Du har en interessant og fristende blogg, tror nesten jeg får legge inn bokmerke hit.

    SvarSlett
  2. ToneM: Takk for respons! Det er då ikkje juks å lage slik du lagar. I så fall juksar eg med bøvarianten også, for det skal vere galangal i ja, men det får vi ikkje tak i her, nei. Tom Kha - er det i den Santa Maria Thai serien? Der er det mykje godt å finne!

    SvarSlett
  3. I dag lagde jeg din Tom Kha Gai til middag, og den var bare helt fantastisk :) I tillegg strødde jeg på litt fersk koriander, og det var kjempegodt!

    Takk for flotte, inspirerende og spennende oppskrifter, Åsa! Go girl :)

    Live

    SvarSlett
  4. Så artig, Live! Koriander er nydeleg til asiatisk mat - litt synd at det er litt vanskeleg å få tak i her... Takk for godord!

    SvarSlett
  5. Jeg fikk endelig brukt de kaffirlimebladene som jeg har kjøpt for lenge siden - deilig suppe! Og fantastisk praktis for dagliglivet hvis man ikke vil ut på spesialbutikk og lete etter alle mulige ting :-)

    SvarSlett
  6. Du kan så koriander, Åsa! Du finn korianderfrø i innvandrarbutikkar, i frøbutikkar (men der er dei dyrare) eller på postordre. Så dei på jordoverflata, vatne godt, og etter kort tid har du masse frisk koriander.

    SvarSlett
  7. Maria: Enig. Mykje smak til å vere tørka blad...

    Altgod: Men atte, eg har ikkje så grøne fingrar. Eg har tatt livet av tre urteplantar som eg trudde skulle få evig liv då eg planta dei i slike flotte Eva Solo urtekrukker. Men du fekk det til å høyrest så lett ut. Så kanskje eg skal prøve når det blir vår i lufta?

    SvarSlett