Ut og spise? Kor skal vi gå?
Her er mine 10 favorittar i Oslo:
- Dinner (Stortingsgata, sentrum)
- Herleg og sterk mat frå det kinesiske Szechuan-kjøkkenet; dette liknar ikkje det minste på kinamaten som nokon har lurt nordmenn til å tru at kinamat er. Rimeleg sett i forhold til kvaliteten.
- Plah Bar og Restaurant (Hegdehaugsveien, Homansbyen)
- Thai-inspirert europeisk kjøkken. Alltid spennande og smakfullt.
- Villa Paradiso (Olaf Ryes Plass, Grünerløkka)
- Sånn skal pizza smake! Min favoritt er den med fire ostar, og så ber eg pent om å få litt ruccola oppå. Nam!
- Alex sushi (Cort Adelers gate, Solli plass)
- Beste sushien i byen. Mat blir kunst.
- San Leandro (Sporveisgata, Majorstua)
- Min absolutte favoritt når det kjem til tapas i Oslo. Smakar (nesten) like godt som i Spania.
- Trancher (Thorvald Meyers gate, Grünerløkka)
- Byens beste biff! Langtidssteikt entrecote med nydeleg tilbehør.
- Arakataka (Mariboesgate, sentrum)
- Dagens 3-retter med vinmeny er eit kupp; klassisk kjøkken, gjennomført.
- Coco (Dronning Mauds gate, Vika)
- Ukomplisert asiatisk mat. Alltid godt.
- Mitsu Kafé (Møllergata, sentrum)
- Billig sushi, men veldig bra kvalitet. Rause bitar. Sjarmerande shabby lokale.
- Oriental (Arbeidergata, sentrum)
- Lillesøster til Dinner med (nesten) like god mat, men billegare og oftare ledig bord.
Denne lista er forsøksvis tilpassa middels lønnsinntekt, og ikkje studentøkonomi for eksempel. Eg har utelate nokre åpenbare favorittar på grunn av prisnivå; slik som Bagatelle (RIP), Restaurant Eik Annen Etage, Staholdergaarden... Men for all del - har du råd, har du lov; du får det du betaler for.
Det er nok nokre sjølvsagte restaurantar som ikkje står på lista. Det er kanskje fordi eg ikkje har vore der? Eller vart eg skuffa? Eller så nådde dei rett og slett ikkje opp på topp 10. Eg trur uansett ikkje at eg lagar ei negativ-liste.
Det er mykje godt å finne i Oslo. Det fasinerande er at om du går ti minutt vekk frå Karl Johan (ehe, Stortinget), og om du legg ein femtilapp ekstra i potten i forhold til turist-/bønderibyen-/altforsultenpåturheimfrajobb-fellene midt i sentrum, så kan du få verkeleg god mat.
Neste gong eg er i Oslo har eg tenkt å teste Four Seasons. Om ikkje de har andre favorittrestaurantar som de vil dele? Legg gjerne igjen eit tips her :-)
Neste gong eg er i Oslo har eg tenkt å teste Four Seasons. Om ikkje de har andre favorittrestaurantar som de vil dele? Legg gjerne igjen eit tips her :-)
Extra service...
Special Occasion: Nr. 1, 2, 4, 7
Spontanious Night Out: Nr. 5, 8, 9, 10
Safest to Make a Table Reservation: Nr. 1, 2, 3, 4, 6, 7
After Work (Out): Nr. 3, 5, 6, 8, 9, 10
Flott liste, Åsa. La meg foreslå et valg til: Palace Grill i nærheten av Solli plass. Både et sted for de store anledninger, og for det mer uformelle. Sist jeg spiste der testet min kvinne & jeg 10-rettersmenyen.
SvarSlett- Taxi eller ambulanse? spurte vår superflinke "matelærer" da vi vaklende forlot stedet. Fantastisk, nok en gang! Oslos beste? Knut Ivar
Takk for tips, Knut Ivar! Då set eg Palace Grill på lista :-)
SvarSlettDet er _litt_ dyrt men veldig, veldig godt der, sant?
Tilgi meg for ett lite tips til... (Jeg bare elsker mat!) Punjab Tandori på Grønland. Billigere enn MacDonalds, og mye, MYE bedre! Strenge sikher bak disken, men maten er mer enn nok til å få opp humøret på alle gjester.
SvarSlettIndisk...Ja, etter at Bombay vart borte frå Egertorget, vart det brått slutt på indiske gleder i Oslo for min del. Men strenge sikher skremmer ikkje ein bøfjerding! Takk for tips #2!
SvarSlettSavna Bombay Darbar på lista, de finnes fortsatt, ligger på Fredensborg, og har Oslos beste mat!
SvarSlettSorry, Mali, dei nådde ikkje opp. Men det er god mat på Bombay, eg er einig i det :-)
SvarSlettDu kan glede deg til Four Seasons, kjempegod mat, god service og bra stemning! Vi vurderer faktisk å ha bryllupsmiddagen vår der, så godt likte vi det begge gangene vi har vært der.
SvarSlettÅåå, det var litt av ein attest! Gler meg til Four Seasons, ja :-)
SvarSlett