Jakta på det grove surdeigsbrødet som passar i matpakka mi, held fram. Eg er ute etter eit brød som er så grovt at det innfrir kostholdsråda om minimum 50% fullkorn. Dette vart eit godt forsøk på vegen:
6,5 dl vatn
600-650 g sikta kveitemjøl
50 g sikta rug
100 g sammalt rug, grov
200 g sammalt kveite, grov
60 g havremjøl
10 g maltekstrakt
20 g lys surdeigsbase
10 g salt
10 g gjær
Eg rørte saman alle ingrediensane bortsett frå surdeig, gjær og salt, og lot det stå og kvile i 30 minutt. Så hadde eg i hevemiddel og salt, og elta i godt og vel eit kvarter på sakte fart, dei siste minutta litt raskare. Deigen fekk så heve til dobbelt storleik i ein bakebolle smurt med litt rapsolje.
Eg rundreiv brøda. Brøda fekk så heve om lag til dobbelt storleik, og så steikte eg dei slik: Nestnedst i omnen, ein skvett varmvatn i botnen, 275 grader, slå ned til 250 med ein gong, 15 minutt, skrudde så ned til 200 grader, lufta til ved å opne og lukke døra, steikte til ferdig, omlag 20 minutt, men sjølvsagt avhengig av storleik.
Det einaste eg har å innvende mot dette brødet, er at det er litt ordinært... Det smakar - ja, nesten heilt vanleg grovbrød. Så korfor drive og styre med den surdeigen då? Det er ikkje noko styr! Når du har surdeigskulturen i kjøleskapet, så er det ikkje meir styr å bake med surdeig enn med gjær. Fordelen med desse brøda bakt med surdeig, er at dei held seg saftige lenger, og dei ryr ikkje. Det er to viktige ting, sjølv for eit ganske ordinært matpakkebrød.
Neste gong skal eg bruke meir grovmjøl og ha i litt heilkorn og frø. Kanskje skal eg hive i ein slant med byggmjøl også? Eg gir meg ikkje.
Hei,
SvarSlettdu skriv så god nynorsk, men eg reagerer på at du skriv korfor i staden for kvifor. Om du bruka kvifor blir det mykje betre å lese :)
Har du funne DITT brød enda da?