tysdag 16. februar 2010

%&$&...i...#$%&%$§!


Det er stort sett berre kjekt å drive med matblogging. Det er noko veldig fint med å kunne dele gleder, og det er stor stas når folk blir inspirert og tar laust på kjøkkenet fordi dei fann ei oppskrift dei fekk lyst å prøve. Men ein kan tabbe seg ut også... 

Which I did. Det var ein feil i frukt- og nøttebrødoppskrifta. Eg hadde gløymt å skrive opp vatn :-( Oppskrifta er retta opp no, og eg har sett gjennom dei andre brødoppskriftene i tilfelle. Hugs berre at om de eltar for hand, så må de halde att mykje av mjølet, elles har de ikkje sjans å elte deigen nok. 

Eg kryssar fingrane og håpar det ikkje er så mange andre tabbar rundt om på bloggen. (Men om de finn andre, så er det vel så snille at de seier frå?) Dette var kanskje ei påminning om at ein uansett må stole på fornuften sin når ein står på kjøkkenet? Det kan nemlig vere feil i oppskrifta...



4 kommentarer:

  1. Hehe, det der gjør alle. Jeg oppdaget for eksempel feil i den bolleoppskriften du spurte meg om. Which reminds me.... *fikse*

    SvarSlett
  2. Det kan alltid bli ein feil, noko ein gløymer å ta med, eller eit mål som blir feil. Min verste tabbe i så måte er då eg hadde på trykk i avisa ei banankakeoppskrift utan bananar... :rødme:

    SvarSlett
  3. altgodt: banankake utan bananar er omtrent som brød utan vatn... takk for trøysta :-)

    SvarSlett