No trur de vel at det har klikka for meg? Kebab i Bø?! Altså: Denne kebaben har ingenting til felles med det ein har i seg i fullstendig mangel på dømmekraft etter midnatt. Om ikkje eg har misforstått heilt, så er ikkje kebab anna enn grilla kjøtt med godt og sterkt krydder.
200 g kjøttdeig
1/2 ts Garam Masala
1 ss creme fraiche
knivsodd salt
knivsodd peppar
knivsodd chilipeppar
knivsodd kvitløk
knivsodd kanel
Har du lammekjøttdeig, bruk det! Lam er best, men karbonadedeig av storfe går også bra. Arbeid ingrediensane saman. Form kakene som du vil - er det sommar grillar du dei vel, så då er lange pølser som du trer på grillspyd det kjekkaste. Midt i ferskfisksesongen får du klare deg med å steike dei på begge sider i ei godt varma panne. La ettersteike på svak varme til gjennomsteikt.
Salat og yogurtdressing er obligatorisk tilbehør til kebab. Ris, bulgur, pitabrød er også godt til - eller som her: couscous blanda med litt hakka soltørka tomat.
Velbekomme!
Ps. På Trines mektige matblogg finn de heimlaga pitabrød i dag. Kanskje det hadde vore noko til kebaben?
Velbekomme!
Ps. På Trines mektige matblogg finn de heimlaga pitabrød i dag. Kanskje det hadde vore noko til kebaben?
Nam nam - hjemmelagede pitabrød er best. Jeg diller ikke mer med det enn at jeg enten lager pizzadeig/lys deig eller halvgrov deig (erstatter litt av hvetemelet med sammalt hvete grov). Så hever jeg, lager boller som jeg kjevler flate. Så legger jeg dem på plate med bakepapir, så rett i ovnen, typisk 8 min på 225, sjekk din ovn. Da blåser de seg flott opp av seg selv!
SvarSlettTakk for tipset! Aldri prøvd...truleg fordi eg kan telje på ei hand kor ofte eg har ete pitabrød - meeeeen, det høyrtest bra ut med heimlaga :-))
SvarSlett