måndag 1. februar 2010

Laks på ein mandag



Denne middagen tar under ein halvtime å lage: Steik ferdigmarinert laks i ei eldfast form smurt med litt olje, på 200 grader i 12-15 minutt. Eg likar Coop sin laks med sitron og peppar.

Wok (= steik på veldig høg varme medan du stadig rører rundt i 2-4 minutt) det du har av grønnsaker medan laksen steiker. Ha i litt peanøtter for spenninga si skuld i byrjinga av ei ny uke.


Legg over ei god skei med creme fraiche og ein knert med pesto (eller ramslaukpuré om du har slikt for handa). Med slike godsaker til, treng du i grunnen ikkje lage woksaus til grønnsakene, og slik sparte du to minutt til. Finfin mat for svoltne små og store, og særleg for sånne damer som skal på trening på ein mandag ;-)  

Velbekomme!

2 kommentarer:

  1. Namnamnam! Det der ska prøves en dag!
    Jeanette

    SvarSlett
  2. Supert å lage den dagen du eigentleg ikkje har lyst å lage middag :-)

    SvarSlett