torsdag 18. februar 2010

Lynbaccalo av saltfisk


Det er artig med tilfeldigheiter. Av ei snill har eg fått kokeboka "Gourmet" for begynnere av Øyvind Hjelle i gave. Boka er herleg inspirerande, og eg har sett meg ut mange oppskrifter som står på må-prøve lista. Sist eg var på besøk hos ei anna snill ei, så viste det seg at ho har samme boka, og ho hadde planlagt at vi skulle lage lynbaccalo. Eg trudde eg skulle sprekke av glede, så godt var det! No har eg laga sjølv, og nam nam nam så godt det er. Eg har halvert oppskrifta. Det er passe til to som et mykje, eller til ein som dermed har middag i fleire dagar - for det smakar like godt oppvarma.  

600 g saltfisk
olivenolje
1 pk hermetiserte tomatar
1 gul løk
1 boks Pimientos, evt 1 paprika
1 raud chili
4 fedd kvitløk
2 ferske tomatar
svarte oliven
potet
salt, peppar

Begynn med å gjere klar fisken. Det er ikkje så lett å vite om han er så salt at han bør vatnast. Ein kan sjølvsagt smake? Eller så har ein kanskje kokt saltfisk av samme ladningen? Eller så kan ein ringe far å spørre? Lettsalta fisk skulle ikkje trenge vatning, men det må de nesten finne ut av i kvart enkelt tilfelle. Uansett så må du skjære vekk skinn og bein. Ja, det er lett å skrive det, men urk, det er ikkje det artigaste eg veit å halde på med. Men det må til, så skjær vekk skinn og bein. Om ikkje fisken allereie er delt i porsjonsstykke, så gjer du det no. Legg fiskestykka i ei eldfast form. 

Så tar du laust på sausen. La tomaten renne av i eit dørslag. (Eg gløymte det, og det vart litt for flytande.) Hakk kvitløk og chili. Del løk i halvmånar. Del paprikaen i to og del i halvmånar. Fres alt dette i olivenolje i eit par minutt. Del poteten i skiver, så går det kjappare, og fres potetskivene saman med det andre til dei byrjar få ein mør ring rundt. Ha i hermetiserte tomatar og ferske tomatar og litt meir olje om du synest du har råd. Ha i oliven, og smak til med salt og peppar. Kok opp. Ha sausen over fisken i forma. Set forma på rist i nestnedst i omnen, og bak på 200 grader i om lag tre kvarter. Sjekk at poteten er mør, fisken er garantert ferdig, men du kan sjølvsagt kjenne etter for å vere sikker. 


Eg hadde potet frå dagen før, så eg hadde dei berre rett i forma saman med fisken. Det som er endå betre til er potetstappe, og den kan du jo lage til medan baccalaoen står i omnen. Bøfjerdingane får sikkert surmunn når dei ser det skal vere oliven i, for gode oliven er ikkje så lett å få tak i. Men! I love Eco (Ica) har eit glas med blanda oliven som er gode. (Nei, ingen har betalt meg for å seie det.) 

Velbekomme!

2 kommentarer: