tysdag 27. april 2010

Cannelloni med kylling- og spinatfyll


For å vere heilt ærleg: Cannelloni har eg visst aldri spist før. Har de? Eg kan ikkje ein gong hugse at eg har sett det på menyen nokon stad. Så dumt! Dette er jo så godt. Første forsøk med cannelloni vart slik etter ein gløtt hos Opplysningskontoret for egg og hvitt kjøtt (til ei(n)):

2 lasagneplater
100 g kyllingkjøttdeig
8 frosne spinatklumpar
1 ss kremost
1 fedd kvitløk, knust og finhakka
parmesan
salt, peppar, chili

Kok lasagneplatene i rikeleg lettsalta vatn i 3-4 minutt. (Eg kokte i 5, det var for lenge.) La dei renne godt av i eit dørslag, legg dei på eit bakepapir smurt med litt olje. Innimellom lagar du fyllet:

Steik kyllingkjøttdeigen på middels sterk varme. Slå ned til svak varme, ha i spinaten rett frå frysaren, ha i kvitløk og trekk kjelen litt til side; spinaten vil helst ikkje ha det så varmt. Ha i osten, og surr til alt er gjennomvarmt. Smak til med krydder og eventuelt meir ost.


Fordel fyllet på pastaplatene, rasp litt parmesan over. Rull saman - ha eventuelt ost til gratinering på toppen - og steik på 225 grader i 10 minutt.

Like sterk som Skipper'n - tjoho! Server med grønn salat og godt brød. Eg hadde litt kvitløksalsa og kesam over berre for å få litt meir futt. Men kanskje er det godt å berre ha litt vanleg tomatsaus over før ein set det i omnen? 

Velbekomme!  



4 kommentarer:

  1. Dettan må æ drist mæ tell å prøv. Cannelloni e kjempegodt; vertsmora mi i USA brukt å servér det. Med sånn spinatfyll. Mmm :)

    SvarSlett
  2. Så du har fått sånn før, du din heldiggris. Det va ikkje nåkka vanskelig altså. Nam!

    SvarSlett
  3. I noen butikker selger de canneloni ferdige http://int.primopiatto.barilla.com/ilmondodellapasta/lapastabarilla/emilianebarilla/htm/prod_188.htm

    men de er ikke lette å finne. Tror jeg skal prøve denne varianten!

    SvarSlett
  4. Maria: Eg har visst aldri sett det i butikken. Heimlaga er no best uansett :-)

    SvarSlett