laurdag 24. april 2010

Enkel ostekake


Om du vil, så kan du tenkje på at denne ostekaka frå dinmat.no er litt sunnare enn andre kaker, men den er først og fremst veldig smakfull og veldig enkel. Havregryn, sjokolade, cottage cheese, yoghurt og gelé er alt som skal til. Kaka lagar du på ein-to-tre.


Eg brukte sitrongele, kirsebærjoghurt og ein rest av kreklinggeleen frå i haust. Men det går godt an å bruke gelatin og heile bær i staden for gelé på pakke. Det har eg gjort i ein fromasj som det kjem oppskrift på ein annan dag. 

God helg! 

6 kommentarer:

  1. Den så god ut!(Og sunt er liksom ikke alltid godt når det kommer til kaker..;) Lagde du lemoncurd i påsken? :) Astrid

    SvarSlett
  2. Hehe, einig - sunt og kaker har vel strengt tatt ikkje så mykje med kvarandre å gjere... Det vart ikkje lemoncurd i påska, nei. Men skal prøve ein vakker dag :-)

    SvarSlett
  3. Jeg leser vel i bloggen når du gjør det. Har tenkt på det selv fordi det er en klassiker til scones, og jeg er en sconesdronning;)

    SvarSlett
  4. Aha! Korleis lagar du scones for å bli dronning? Eg plagest litt med det. Skjønner at ein ikkje ska kna så mykje, men...

    SvarSlett
  5. Mitt beste triks er å smuldre smøret i det tørre med hendene, ikke i kjøkkenmaskin. Også lite mel når man baker ut. :) Bruker oppskriften til Gøril Wiker ("Søtt og salt") Kjenner du bøkene hennes? Jeg liker de. Hadde du skrevet det fine vårdiktet selv?

    SvarSlett
  6. Må vel berre prøve til det ein dag blir bra... Har sett litt på Duften av nybakt på NRK (her http://www.nrk.no/programmer/sider/duften_av_nybakt/) Briten Rachel Allen har også vore ein tur innom scones; eg prøvde hennar variant, men syntest dei vart litt tørre kanskje. Men det blir vel bra scones ein dag? ;-)

    LItt usikker på kva vårdikt du tenkjer på?

    SvarSlett