måndag 26. april 2010

Matvalg 2010 april: Vet vi hva vi spiser?


Nei. Vi veit for lite om kva vi et. Via @StHanne kom eg over denne videoen der Jamie Oliver viser ungane kva kylling nuggets er laga av. 

Ganske tankevekkande ikkje sant? 

Misforstå meg rett - eg likar at vi utnyttar maten fullt ut, og eg har ingen problem med at det minst gode kjøttet blir brukt til farse og slikt. Eg er til og med einig med Linda Eide som sa på eit sånt program der kjendisar lagar mat til kvarandra - at du må tole å sjå maten i auga. (Ho laga smalahove.) Det var jo nettopp dette vi diskuterte i matvalg for januar om all maten som blir kasta. Men det er då ein betre idé å koke ei god kraft av skroget til kyllingen enn å male det til noko som må likne på lim når det blir blanda med stabilisator? 

Apropos stabilisator... Mats-Eric Nilsson kom i 2007 med boka Den hemmelige kokken. Frå omtalen på baksida: 

Den hemmelige kokken sysler ikke med ekte råvarer på et kjøkken. Han har hvit frakk og jobber på laboratorium. Da Mats-Eric Nilsson begynte å lese etikettene på matvarene, ble han skremt. Maten kunne inneholde 70 ingredienser, gjerne skjult bak betegnelser som E412. Det fikk ham til å lete etter det virkelige innholdet i maten vår. Visste du at nesten all vaniljesmak stammer fra råttent svensk tømmer? Eller at ferskpresset juice kan være lagret i opptil ett år? Denne boka avslører jukset. 

Heilt ærleg? Eg har ikkje orka å lese heile boka endå. Eg las eit par kapittel og vart så uvel at eg måtte leggje den til side. Igjen - misforstå meg rett - eg har vel i grunnen ikkje noko mot at det er spinat som blir brukt til å gi grønnfarge slik at noko kan seljast som pistasjis, men eg vil helst ikkje tenkje på korleis dei kjem fram til illusjonen av smaken av vanilje. Problemet mitt er at eg synest dette er eit blindspor: Korfor ikkje berre bruke bruke pistasj og vanilje? Svaret er money money money: Den uheldige kombinasjonen av at den som sel mat vil ha så høg fortenste som mogleg, og den som kjøper mat vil betale så lite som mogleg. Ingen kan overbevise meg om at dette er ein velfungerande marknad. 

Det ligg mykje bak ord som fortykningsmiddel, stabilisator, aromastoff og smaksforsterkar som ein finn på innhaldsdeklerasjonen på dei fleste halvfabrikat. Skjult salt, feitt og skjult sukker er ei anna utfordring for slike produkt. Men eg likar jo å lage mat, så dette held meg ikkje vaken om natta. "Å lage mat frå botnen av" er ikkje eit ork, men ein glede, og treng ein ikkje tenkje så mykje på kva maten inneheld. Skjønt - om det blir tilate å lime saman biffen...

No vel eg - stort sett - økologisk, eg vel - stort sett - å lage maten frå botnen, eg vel - stort sett - å vere meir forarga over mat eg ikkje får tak i, enn prislappen på det eg kjøper (men eg kjøper sjølvsagt på tilbod om det er ting eg likevel brukar som er på tilbod) - og eg vel ofte matpakke framfor fosmat når eg er på farten. Det er mine matvalg slik at eg så langt råd skal vite kva eg et. 


Oppdatering 27. april: 
Hah! EU-parlamentet har i dag skrinlagt planane om å tillate kjøttklister, sjå her

3 kommentarer:

  1. Ja, det er virkelig en tankevekker.
    Jeg har selv startet å bli mye med nøye med å velge råvarer, og lager som regel det meste fra bunnen av nå, med helt ferske råvarer, slik at jeg vet hva i spiser!

    SvarSlett
  2. Du burde så absolutt lese hele "Den hemmelige kokken". Fascinerende, skummel og inspirerende på samme tid! Han og det jeg formoder er hans frue driver forøvrig dette nettstedet: http://www.aktavara.org/. Selv har jeg begynt å etterlyse produkter jeg savner i butikkene i tillegg til å forsøke å inspirere gjennom min egen matblogg. Forbrukermakt kan nok diskuteres, men i forhold til matproduksjon og -tilgjengelighet har det definitivt noe for seg.

    SvarSlett
  3. Swimzy: Det er vel det einaste vi kan gjere... Men det er skikkeleg skremmande.
    Pål: Er einig med deg! Ein dag skal eg lese heile boka. Må berre mote meg opp litt.

    SvarSlett