Eg har prøvd ei ny oppskrift eg fann i ei kokebok eg ikkje orkar gjengi namnet på. Jo, forresten, det må eg vel om eg skal referere oppskrifta: "Den ultimate slankeguiden." Rai-rai.
3 dl lunka vatn
25 g fersk gjær
150 g durumkveite (bruk vanleg kveitemjøl om du ikkje har)
150 g sikta rug
150 g sikta spelt
2 ss honning
1 ss god olje (eg brukte valnøttolje - oppskrifta seier macadamiaolje)
1/2 ts salt
Løys opp gjæra i vatnet. Elt inn det tørre. Du treng ikkje elte så lenge. Dette er mjøl utan all verda med bakeevne så uansett. La deigen heve i ein halvtime, bak ut så store bollar du vil ha - eg lagde ti stykk - etterhev i om lag ein halvtime. Pensle med egg, og steik på 200 grader midt i omnen i 15 minutt. Avkjøl på rist.
Dette vart veldig gode rundstykke som er perfekte til suppe eller salat, særleg sia dei har ei aning av søtsmak. Denne mjølblandinga gir ein litt mjukare konsistens enn vanleg kveitebakst. Eg smurte med kremost og hadde litt havsalt oppå. Nam!
Velbekomme!
Slanke tipps trengs efter en påske i hytta med mycket sjokolade :-)
SvarSlettVi gjer nok det... ;-)
SvarSlett