onsdag 21. april 2010

Torskegryte med sprø grønnsaker og kokosmelk


Dei fleste av oss har det vel slik at vi helst skulle ha spist endå litt meir fisk og endå litt meir grønnsaker, sånn reint ernæringsmessig. Gryter er ein god ting. Denne gryta vart til ein dag eg ikkje visste kva eg skulle gjere med torsken. Måla er for ein - men det er jo ein enkel sak å tilpasse dette til mange:

200 g torskefilet
1/2 boks kokosmelk, lett
1 lita gulrot
8 sukkererter
5 minimais
1 chili
1/4 boks vannkastanjer
ein bit purre
soyasaus, sweetchilisaus, limesaft

Del grønnsakene i passe store bitar. Det er ikkje så nøye, men ingen vits å dele for smått, det skal vere litt tyggemotstand. Ha grønnsakene i ei gryte. Del fisken i passelege spisebitar, 4 cm omlag. Bland kokosmjølk med 1 ss soyasaus, 1 ss limesaft, 1 ss sweetchilisaus, og ha i gryta. Kok opp og la det putre i 5-10 minutt. Smak til undervegs. Retten blir ferdig på 1-2-3, så pass på at ikkje torsken blir for mykje kokt.


Server med ris eller nudlar til. Eg brukte ei spaghettisleiv og lot (mesteparten av) kokosmjølka bli igjen i kjelen. Veldig godt, og veldig veldig sunt! Velbekomme!

4 kommentarer:

  1. Denne hørtes kjempegod ut:) Skal absolutt prøves ut:)

    SvarSlett
  2. bra att någon bloggar om sunda ting oxå :-) har lagt på mig lite sen jag kom in i blogg värden.

    SvarSlett
  3. Dette såg kjempegodt og ikkje minst spennande:0)

    SvarSlett
  4. Takk - det er godt - og fort! Eg skjønner kva du meiner Hillevi; det er mange frestingar der uti bloggverda. Hos deg også!

    SvarSlett