Nesten helgemat.
Nesten albondigas y patatas bravas, men berre nesten.
Nesten albondigas y patatas bravas, men berre nesten.
Råsteikte potetar:
2-3 middels store mandelpotetar per person
olivenolje
flaksalt
evt friske urtar
Skrubb potetane godt og grundig med ein skrubbehanske eller noko liknande. Del i båtar på langs, kor mange avhenger av kor tjukke potetane er. (Jo tynnare båtar, jo fortare steikt.) Legg dei i ei eldfast form eller på eit bakepapirkledt steikebrett. Ha over olivenolje i ein tynn stråle, og godt med havsalt og eventuelle urtar. Sett inn nestnedst i forvarma omn på 250 grader, slå ned til 225 grader med ein gong. Steik i 15-30 minutt, avhengig av storleik, til dei er møre og har fått farge.
Enkel tomatsaus:
1 pk hakka tomatar
2 fedd kvitløk
1 chili
olje
salt, peppar, sukker
evt brun maisenna
Eg er ikkje så glad i løk i tomatsausen, men det går sjølvsagt an å ha i det også. Surr pressa og finhakka kvitløk og chili i litt olje, ha i tomatane. Kok - jo lenger jo meir fylde på smaken, men 15-20 minutt er fint. Jamn eventuelt med litt brun maisesenna om sausen er for flytande. (Det er greitt å smake til sausen etter at kjøttbollane har hamna oppi.)
Kyllingkjøttbollar:
1 pk kyllingkjøttdeig
1 egg
4-5 soltørka tomatar i olje, hakka
2 fedd kvitløk, pressa og finhakka
salt, peppar
Bland ingrediensane. Steik ein prøvebolle og kjenn om konsistens og smak er passe. Tips: Er dei for faste, ha i litt creme fraiche eller kesam. Er dei for lause, ha i litt strøkavring. Steik kjøttbollane og kok dei i tomatsausen.
Server med grønn salat. Velbekomme!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar