Denne retten er rett og slett eit eit lite kinderegg: Den passar til lønsj, som siderett til kjøtt eller fisk, eller som hovedrett med litt brød til:
1 gulrot
1 bit sellerirot
1/2 eple (helst ein syrleg type)
1/2 paprika
1/2 rødløk
3 soltørka tomatar i olje
1 bs olivenolje
2 fedd kvitløk
chevré
salt, peppar, balsamiko
Del gulrot og paprika i stavar. Del sellerirot og eple i terningar. Del løk i båtar. Fres grønnsakene i ei steikepanne med olivenolje, berre slik at det tar farge. Ha det i ei eldfast form. Krydre med salt og peppar. Strimle den soltørka tomaten. Press og hakk kvitløken. Ha det i forma saman med grønnsakene. Bak på 190 grader i 15 - 20 minutt, avhengig av storleiken på grønnsakene. Dei siste 3-4 minutta dryssar du litt chevre over.
Server med friske urtar og litt balsamiko ringla over. Du kan sjølvsagt variere grønnsakene ut frå kva du har tilgjengeleg.
Velbekomme!
dette høres veldig godt ut:)
SvarSlett