tysdag 15. juni 2010

Frå Stockfleths' baristaskole

Kaffe! Enn at det er så mykje artig å lære om kaffe?!

Tre dagar på Stockfleths' baristaskole overbeviste meg om ein ting: Det er heilt rett av meg å satse for å få til kaffebar i Bø no. Kaffe er så spennande! 


Slik ser ein ut heilt i byrjinga før ein har lært korleis ein skal ta i ein espressomaskin... Lett nølande. Passe klossete. Med eit lite håp om at maskina ein dag blir ein trygg og god venn. 


Nei, det er ikkje så lett som ein skulle tru. Her er mine første cappucino. Første forsøk på å lage hjerte, vart meir som ei rumpe. Då fekk eg det gode rådet: "Ikke prøv å lage hjerte, Åsa. Det kommer av seg selv." Vel, vi får sjå på det. 

Eg lærte altså ikkje å lage hjerte på baristakurset. Men det eg lærte, er kor forskjellig kaffe smakar. Spesialkaffe, som er det vi skal ha i kaffebarklesbutikken (som endå ikkje har fått eit namn, eg veit at de ventar!), skil seg frå den kaffen vi vanlegvis kjøper i butikken, ved at han kan knyttast til eit bestemt land, ein bestemt region, ein bestemt stad - kanskje til og med ein bestemt gard.

Vi veit at nordnorske jordbær smakar ganske annleis enn dei belgiske? Og vi veit at potet smakar ganske forskjellig om det er mandel eller pimpernell. Dessutan smakar steikt potet ganske annleis enn kokt potet, sant? Det er akkurat det samme med kaffe. Forskjellar i kor kaffeplanten er dyrka, korleis veret var det året, korleis kaffebæret har blitt behandla etter hausting, korleis kaffebønnene har blitt brent - alt påverkar kaffesmaken. Å kjøpe spesialkaffe betyr eigentleg ikkje anna enn at vi som kundar kan forvente å få vite alt dette om kaffen vi kjøper. Men treng vi vite det? Nei, eigentleg gjer vi ikkje det. Men det at dei som importerer og brenner kaffen for oss veit det, betyr at dei har kontroll med kvaliteten. Og når kaffebøndene får betalt for kvalitet, så får vi betre kaffe og dei får høgare levestandard. Det er den enkle og fine grunnen til at spesialkaffe smakar best.



Her ser de ein ekte Geisha! Denne kaffen fra Hacienda La Esmeralda i Panama er den dyraste - og mange meiner beste - kaffen i verda. På ausjonar har kiloprisen komme opp i 2000 kroner per kilo! Du kan lese meir om dette lille eventyret her. Dette har eg altså slurpa i meg på kaffesmaking. Heldig hæ?  


Eg har lova at vi skal ha vanleg kaffe også, ikkje berre espressobaserte kaffedrikkar. La meg leggje til endå eit løfte: Kaffen skal serverast med smil og stil. Kvar dag. Eg lovar!


Logistikk er avgjerande stort sett over alt. (Til og med i politikken, for den som måtte lure.) Denne teikninga fortel dykk kanskje ikkje så mykje? Godt! For meg er det ei viktig påminning om saker og ting som må fungere om kunden skal få ei god oppleving. (Kunden er han med smiljefjeset.)


Stockfleth's har vore min favorittkaffebar i Oslo. Etter kurset skjønner eg at det er ingenting tilfeldig i at det har blitt favoritten min. Over ser de eit tilfeldig utdrag av norgesmester i latte-art, Sverre Colbjørnsen, sine fine cappucino. Er det verkeleg mogleg å få til slikt? 


Nybegynnaren nøyer seg med å bli jublande glad for å endeleg klare å steame melka til 65 grader. Litt over faktisk! Etter å ha steama tjue kanner melk til 58 grader med altfor lite skum, var det ei god kjensle å få til 66 grader og passe masse passe tjukt skum. (Keep that spirit, girl!)


Kanskje ein dag blir eg så god som dette? De får komme innom og sjekke korleis det blir med kaffesmak og kaffekunst. Vi opnar i slutten av juli :-)

(PSSST! Det kjem litt om te og om 
bakekurset på Åpent Bakeri også.)


4 kommentarer:

  1. Hvis jeg skal til Bø vet jeg hvor jeg skal ta en kaffe! Er spent på navnevalget, har min klare favoritt...

    Lykke til videre i etableringsfasen!

    Trine ;)

    SvarSlett
  2. Så spennendes:)
    Er veldig spent på navnvalget ditt:)
    Masse lykke til videre:)

    SvarSlett
  3. Åh, Stockfleths-kaffe! Lykke til med kaffebar, det er et strålende initiativ!

    SvarSlett
  4. Trine: Takk! No kan du vel seie kva som var favoritten din?
    Svimzy: Takk! Katta er ute av sekken... ;-)
    Siri: Takk! Berre dei beste er gode nok :-)

    SvarSlett