laurdag 26. juni 2010

Litt om te

Eg drikk gjerne te. Eg har ingen spesiell favoritt, det er litt etter høvet og formen. Chai Latte synest eg er kjempegodt, mens om kveldane har eg mest lyst på ein lett te. Som del av baristakurset til Stockfleth's, fekk eg med meg tekurs hos Solberg & Hansen. Jammen var det mykje å lære om te også...


Då vi var på veg til te-kurset, så spurte sjefen meg: "Kor mange ulike typar te veit du om?" Eg eeeeeeh'a ei stund, og så nølte eg fram: "Svart te, grønn te, kvit te - og eh - fruktte?" Det var ein god start, men avslutninga mi var ikkje heilt heldig. Vil de høyre pittelitt te-teori som forklarer korfor eg skar ut på slutten? Ok, her er ein easy reader:

Fakta I:
Te kjem frå teplanten - Camellia Sinensis. Då eg nemnte fruktte som ein fjerde te-type, så var ikkje det heilt rett. Vi kan sjølvsagt godt kalle nype-te for te, men nype-te kjem ikkje frå te-planten, og er dermed ikkje te, men ein drikk basert på tørka frukt. Det betyr ikkje at det ikkje er godt (vel...), det betyr heller ikkje at det er feil å kalle nype-te for te - det betyr berre at te er det eigentleg ikkje.

Fakta II:
Te smakar forskjellig ut frå kor og korleis han er dyrka. Bombe. Slik er det jo med alt. Nordnorske jordbær smakar best. Alltid. Nei forresten ikkje alltid. Nordnorske jordbær smakar alltid best når dei har fått oppleve litt sol medan dei vaks. (Neppe denne sommaren altså.) Men for at nordnorske jordbær skal smake godt, sjølv når dei har fått sol på seg, så må ein passe på at jordbærplantane ikkje blir for gamle. Jordbær frå gamle plantar blir små og tørre. Eg stoppar der, de skjønner poenget: Kor og korleis te-planten veks, påverkar smaken. Slik som med spesialkaffe (som eg skreiv litt om her), så er det å ha mest mogleg kunnskap om den teen som blir importert, viktig for å ha kontroll med kvaliteten.

Fakta III:
Eg hadde rett! Det finst kvit te, grønn te og svart te. I tillegg finst det oolong te, og så legg ekspertane til Pu Erth til lista, men det kjem eg neppe til å servere dykk på Smak, så slett det frå harddisken om de ikkje aboslutt vil hugse det. Eg hadde aldri høyrt om oolong te før te-kurset. Eg har sikkert vore så opptatt av kaffe, at eg har sove i timen. Men no ønskjer eg meg ein Formosa oolong meir enn alt anna! Prisen er grunnen til at den står på ønskelista ei lita stund til. Om de var i tvil.

Fakta IV:
All te kjem frå den samme planten. Forskjellane mellom kvit, grønn, svart og oolong te, kjem av at dei er prosessert - behandla - ulikt. [Kan nokon finne eit godt og bedre norsk ord for prosessert?] 

Fakta V:
Ein viktig forskjell mellom te-typane, er i kor stor grad dei er oksiderte. Hugsar de kva oksidering var frå naturfagen på vidaregåande? Ikkje eg heller. Men wikipedia gjer: 
"Et atom som gir fra seg en eller flere elektroner i en kjemisk reaksjon, blir oksidert." 
OK? Det er forklaringa på at eit eple blir brunt på skjæreflata når du deler det i to, og der det blir brunt blir smaken annleis. Oksidering av te skjer ved at blada får liggje ei stund etter plukking. Deretter blir dei rulla, slik at celleveggane blir øydelagde og dei oksidative enzyma som fins i bladet, får reagere med oksygen. Dette er ei viktig forklaringa til at dei ulike te-typane smakar forskjellig.



Kvit te: 
Den minst behandla teen. Kvit te har ikkje oksidert. Nygrodde skudd frå teplanten - og eventuelt også unge blad - blir plukka og tørka nesten umiddelbart etter plukking for å hindre oksidasjon. Kvit te har delikat og blonsteraktig smak. 

Grønn te:
Heller ikkje oksidert. Etter plukking blir blada varmebehandla, og deretter rulla og tørka. Teen blir gylden grønn i koppen og har ein vegetabilsk smak.

Oolong te:
Den teen som krever mest behandling. Den blir delvis oksidert, frå 10 til 80% av det svart te blir. Oolong te har ein rik og kompleks smak, og kan vere fruktig. Fargen varierer slik som svart te varierer.

Svart te:
Fullt oksidert, deretter varmebehandla for å stoppe oksidasjon og for å tørke blada. Ein rein svart te er skarp og rik i smaken, ofte søtleg. 

Eg trur dette er nok te-fakta for i dag? Vi skal ha eit relativt lite og forholdsvis breidt utvalg te-typar på Smak. Kom gjerne med ønske til utvalget! Solberg & Hansen har lagt ut litt lesverdige fakta om te og kaffe på sida si om de vil lese meir enn denne lettversjonen.


I det siste har eg øva meg på å lage chai-latte. Med mikroomn og hurtigvisp som einaste reiskapen for få til mjølka, blir det så der. Men eg er inne på noko i forhold til smaken... Eg trur nok eg skal finne fram til ein Chai Latte som passar smaken til vi opnar Smak. Heng med!

4 kommentarer:

  1. Mitt høyeste ønske for teen på Smak (selv om det jeg skal skrive om nå ikke egentlig er en te, for den kommer ikke fra teplanten) er at du dersom du har tenkt å ha en, eller flere, rooibos-teer klarer å skrive hele ordet på ett språk. En importør som skulle vært druknet sakte i te klarte å overbevise store deler av norske kaffebarer om ordet 'redbush'.

    Altså. Rooibos er afrikaans. Det betyr rød busk. Redbush på engelsk. Rødbusk på norsk. I Norge synes jeg det mest naturlige hadde vært enten rooibos eller rødbuskte. Men kombinasjonen Rooibush blir bare fullstendig feil.

    SvarSlett
  2. Det blir nok rooibos. Eg startar med ein smakssett rooibos (jordbærkrem) - spent på kva smakspreferansar kundane har!

    SvarSlett
  3. Så bra Åsa! Syns og rooibos e best:)Har du smakt forresten smakt rooisbosteen "The du hammam" fra Les palais des thès? Min favoritt, fantastisk god, spesielt med melk i..

    http://www.rolv.no/urtemedisin/artikler/aspa_lin/art1.htm.)

    Stine:)

    SvarSlett
  4. Heisann Åsa

    Håper du koser deg nå i lystida :-)

    Te er min favorittdrikk - chai latte eller grønn te med sitron de mest frekvente drikkene. Heldigvis er det veldig sunt - får veldig god samvittighet av å drikke det.

    Håper alt vel nordpå - du har flyttet oppover ikke sant? Nå er det lenge siden sist vi møttes, sikkert 10 år, med en øl på hotellet på Sortland, husker jeg ikke helt feil.

    Kanskje vi ses en gang til en kaffe på Smak - har store sommerplaner :-)

    Enn så lenge, ha en fin vår!

    SvarSlett