måndag 23. november 2009

Grooove rundstykke og pizzasnurrar



4 dl heilkorn av kveite
2 dl solsikkefrø
0,5 dl sesamfrø
0,5 dl linfrø
4 dl kokande vatn
1 pakke gjær
3 dl vatn
3 ss olivenolje
1 ts salt
1 ts sukker
3 dl sammalt kveite, grovt
3 dl fullkorn kveitemjøl
1-2-3 dl sikta kveitemjøl

Bland heilkorn og frø i ein bolle, kvell over kokande vatn, og la det stå til det blir lunka.

Varm vatn tilpassa gjærtype. Løys opp fersk gjær om du brukar det. Ha i olje, salt og sukker. Ha i den lunka blandinga av heilkorn og frø. Brukar du tørrgjær, rører du henne inn i det sammalte kveitemjølet, og så kan eltinga begynne. Godt og lenge skal det eltast. Ha i fullkornskveitemjølet etter litt elting. Kna til slutt inn sikta kveitemjøl til passeleg deig, som dei seier. Kor mykje meir mjøl som trengst, kjem heilt an på - på mjølet, på eltinga, på dagsformen. Men lag for all del ikkje deigen for fast. I dag hadde eg i grovhakka grønne oliven og soltørka tomat heilt til sist.

La deigen heve i bollen så lenge du har tid, og så lenge du synest at det trengst. Eg delte deigen i to. Av den eine halvdelen laga eg små rundstykke. Dei blir nok gode til ei suppe ein gong. Av den andre delen laga eg pizzasnurrar:

Klappa ut deigen til ein avlang leiv. Smurte på Heinz Chilisauce. Hadde på grovsnitta skiver av god spekepølse, litt ekstra oliven, litt norsklaga Chevrè - og toppa med vanleg pizzaost. Eg brukte med andre ord diverse restar frå kjøleskapet :-)



Etterhev lenge nok. Her er det berre å vere tolmodig. Steik på 220 grader nestnedst i omnen, i 10-15 minutt avhengig av storleik. Og omn. Og dagsform.


Avkjøl på rist. Pizzasnurrane smakar best avkjølt.

Velbekomme!

Ps. Likar du det ikkje så grovt, byttar du berre ut fullkornskveitemjølet med vanleg sikta kveitemjøl.
Og forresten: kveite er ikkje berre ein fisk... ;-)

2 kommentarer:

  1. Velkommen til sfæren. Mat og Bø må bli bra!

    SvarSlett
  2. Takkar :-) Eg får så lyst på kaffe kvar gong eg er innom bloggen din.

    SvarSlett