tysdag 24. november 2009

Sjokolademuffins med kesam



3 egg
2 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1 dl kakao
1 ss pulverkaffe rørt ut i 1 ss kokande vatn
2 ts vaniljesukker
1 klype salt
250 g vaniljekesam
2 ss rapsolje

Visp saman egga, ha i sukker og visp til eggedosis. Bland saman det tørre, sikt i eggedosisen. Ha i kesam, kaffe og olje. Rør saman med ein slikkepott. Bland godt, men ikkje slå ut all lufta.

Steik midt i omnen på 180 grader, i 20 minutt. Avkjøl på rist.
Sistgongen presterte eg å gløyme bakepulveret...men dei heva seg og smakte godt likevel:




Tips I: Eg har brukt fullkornkveite i staden for vanleg sikta kveitemjøl. Tru meg, det smakar godt!
Tips II: Olje kan erstattast av smelta smør, og ein kan auke sukkermengden til 2,5 dl om ein likar det søtare.

Velbekomme!

3 kommentarer:

  1. Nam nam! Æ like matblogging :)

    SvarSlett
  2. Velkommen på blogg! Dette er artig, du. I går møtte jeg en dame fra Ski i levende live, som jeg tidligere bare har møtt gjennom bloggen. Flott at du la igjen adressen på Facebook. Bagatelle skulle jeg ha blitt tipset om før, kom nemlig hjem fra hovedstaden nå i kveld. Traff forresten hele Vamp og halve Ole Ivars på Dubliners i går. De likte også Kilkenny..

    SvarSlett
  3. Marianne: Bra! :-)
    Steinkjerringa: Eg er heilhjerta for heile Vamp, men litt skeptisk til halve Ole Ivars - uansett kva halvdel... ;-)

    SvarSlett