tysdag 22. desember 2009

Biscotti med smak av jul

Biscotti er visst i vinden. Eg har laga ein variant av gladkokken Ole Martin Alfsen sine. Oppskrifta fann eg i matbladet Nord, med mi tolking blir det slik:

230 g mandlar
70 g pistasjnøtter
200 g kaldt smør
250 g sukker
500 g sikta kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
1 ts salt
200 g egg (om lag 4 store)
170 g aprikos
100 g tranebær
apsikat
1 eggekvite til pensling

Alfsen brukar sitronskal og rosiner der eg måtte ty til tranebær og apsikat. Eg reduserte sukkermengden med 50 g.

Begynn med å riste mandlar og pistasjnøtter i 15 minutt på 150 grader. Avkjøl heilt.

Bruk ein kjøkkenmaskin. Eg brukte foodprocessor, sia kjøkkenmaskina mi framleis var hos elektrodoktoren, og det var litt heavy for den. Visp saman smør og sukker. Ha i det tørre, bland godt før du har i egga, eitt om gongen. Alfsen presiserer at deigen ikkje må bli for varm, så desse operasjonane skal gå kjapt. Blir det for varmt, set du deigen i kjøleskapet ei stund. Hakk aprikosen i små bitar, og ha frukt og nøtter i røra. (Eg ville nok ha grovhakka nøttene, det gjer oppdelinga lettare.)

Rull deigen til pølser, 6 stk seier Alfsen - eg laga 4. Pensle med eggekvite. Steik nestnedst i omnen, på 170 grader i 25 - 35 minutt. Ta pølsene ut av omnen, avkjøl dei litt, men del dei medan dei endå er varme. Tørk kakebitane på 150 grader så lenge det trengst for at dei skal bli tørre. Eg brukte varmluft sia det fylte to steikebrett.

Avkjøl på rist. Oppbevar i tett boks i romtemperatur.



Det vart godt, og det smakar jul :-)

Velbekomme!







2 kommentarer:

  1. Eg åt mykje biscotti då eg amma sonen min. Trur det dekka dagsbehovet mitt for sukker. Men er det nokon som et biscotti utan å dyppe dei i kaffi? Det var fyrst då eg skjønte det trikset, at eg likte dei. Utan kaffi er dei veldig harde syns eg

    SvarSlett
  2. Det har du visst rett i, Unni. Kaffe eller vin er visst den italienske skikken. Denne varianten vart eigentleg ikkje så harde, men sprø. Det kan vere fordi det er meir feitt i dei?

    SvarSlett