120 g romtemperert smør
190 g mørkt muscovadasukker
1 ts riven muskatnøtt
1 ts vaniljesukker
1 stort egg
1 ts natron
150 g sikta sikta kveitemjøl
65 g mandlar, finmalt
85 g kvit sjokolade, grovhakka
125 g mørk sjokolade, grovhakka
75 g hasselnøtter, grovhakka
Kjeksa blir skikkeleg sprø; lite mjøl, mykje feitt... Denne oppskrifta fann eg i eit nummer av Maison mat og vin. Sia det var eit forsøk, halverte eg oppskrifta. Nokre av kjeksa vart dessverre for mykje steikt (det gjekk fort på slutten, gitt), så det er ikkje meir enn ein smak igjen i ein boks. Men gode vart dei. Masse feitt, masse sukker, masse nøtter og masse sjokolade - dette smakar verkeleg jul ;-)
Velbekomme!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar