2,5 dl fløyte
2,5 dl H-mjølk
1 vaniljestang
5 eggeplommar
100 g sukker
Kvell fløyteblandinga over eggeblandinga. Visp saman, ha tilbake i kjelen. Og det er no det er om å ha tolmod. Blandinga skal varmast opp, på medium varme medan du rører, til 80 grader. Ikkje meir; då koagulerer egget. Ikkje mindre; då blir ikkje konsistensen på isen så bra. (Eg har med andre ord prøvd begge delar...) Eg finn ut at eg har best kontroll i ein liten tjukkbotna kjele på den minste plata på komfyren. Det brukar å stå i slike oppskrifter at når kremen festar seg på baksida av ei treskei, så er han ferdig. Avkjøl den ferdige vaniljekremen - først i romtemperatur, så i kjøleskap. Kjør deretter i ismaskin.
Velbekomme!
PS. Når eg veit at eg ikkje skal bruke resten av fløyten til noko anna, så brukar eg heile pakken og tilsvarande mindre mjølk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar