Svinenakke har blitt ein favortitt. Med litt ekstra godt tilbehør, er det festmat. Berre så synd at det er nesten umogleg å få tak i fersk svinenakke her. Det finst å få kjøpt nokre ferdigmarinerte bitar som ligg i aluminiumsskål, klar til å hivast inn i omnen. Det byr meg i mot å kjøpe eit halvt kilo aluminium når eg eigentleg er ute etter eit halvt kilo kjøtt, men i nøden... Svinenakke er svært saftig kjøtt, og med god behandling blir det mørt også. Slik:
- La kjøttet bli temperert før du steiker det. Det har godt av å liggje på kjøkkenbenken og vente på deg til du kjem heim frå jobb.
- Steik lenge, og steik på låg varme. Eit halvt kilo svinenakke steikte eg på 120 grader i 70 minutt.
- Bruk steiketermometer, kjernetemperatur på 70 grader er fint for svinekjøtt.
- La kjøttet kvile pakka inn i aluminiumsfolie i minst eit kvarter før du skjærer i det.
Eg fresa kjøttet litt i grillpanna etter at det hadde kvilt, men ein kan også svi det litt i panna før ein steiker det i omnen. (Eg turde ikkje det denne gongen sia kjøttet var sennepsmarinert; eg ville ikkje ha svidde sennepsfrø.) Biletet fortel dessverre ingenting om den gode sausen: Eg silte sjyen frå steikekaret, og blanda med fløyte, litt sennep, litt honning og litt sitronsaft, og kokte opp. Voila!
Jeg har ikke noe problem med å kjøpe litt aluminiums-form (den veier da ikke så mye?!) men jeg kjøper ALDRI «ferdigmarinert» noe som helst.
SvarSlettMorroa med å lage mat, er jo nettopp disse forberedelsene. «Ferdigmarinert» kjøtt er som «Ferdigstekt tacokjøttdeig» eller noe sånt. Spis heller ute!
OK, kanskje skal du grille, og har ikke tid til lang marinering og greier: Prøv med kylling- eller svinekjøtt og (grøss) grillkrydder - bedre enn det meste ferdigmarinerte. Karrysaus er også en vinner når relativt uspennende kjøtt skal gjøres spennende.
Og gjelder det oksekjøtt: Alle former for pepper i rikelig monn under steking er alltid å foretrekke framfor ferdigmarinert, oversaltet kjøtt fra butikken.
Poenget mitt er: La vær å kjøpe de der ferdigmarinerte variantene - så kommer det alternativer i butikkene!
Eg er i prinsippet einig med deg, Lasse. Men det er ikkje råd å få ta i slikt fersk kjøtt heromkring. Då har du valget mellom - nei, vent, det har du ikkje, du har faktisk ikkje noko valg. Du kan kjøpe ferdigmarinert svinenakke, eller du kan la det vere. (Og det er det samme med kylling. Filetar er sjølvsagt å få tak i - men rå lår ser eg kvart skuddår, og det er jo der smaken er.)
SvarSlettForøvrig har du rett, eigenvekta til aluminium er veldig lita. Den mentale skuldkjensa er desto tyngre.
å snakk om kor gått dæ dær så ut Åsa. nu trur e du må ta turen til Steigen igjen. nu savna e dæ Åsa. :)) kom til steigen å besøk me og ho mamma :) hihi. :D ja eller så kommer e opp tel dæ :) klem fra karoline. ps send litt a dæ du laga tel me hihi ;)
SvarSlettHeia Karoline! Du ska då få mat om du kjem tell Bø, veit du ;-)
SvarSlett