torsdag 11. mars 2010

Blini med lodderogn og creme fraiche


På ei utanlandsreise reiv eg med meg ei flakse gul enke på tax freen. Eg hadde nemleg festa meg ved blinien til Øyvind Hjelle i kokeboka "Gourmet" for nybegynnere. Perfekt med champagne, stod det, og såpass må til på ein jentekveld, bestemte eg meg for. 


Det vart ein nydeleg forrett. Eg brukte oppskrifta i boka, sia eg ikkje har laga blini før. Seinare har eg lese andre oppskrifter, og eg ser at det er langt mindre mjøl i dei. Ikkje veit eg kva som er rett, men godt vart det. Løyrom kan ein berre drøyme om å få tak i, men lodderogn smakar godt det også, og det er ikkje dyrt. Er du interessert i å prøve, sjekk denne oppskrifta

Velbekomme!
Ps. Hugs champagnen. Meir enn halve moroa. Ds.

3 kommentarer:

  1. Hvis man vil jukse (fy fy nesten som å banne i kirka) så kan en bruke en pakke toro svelerøre ... og bare blande til passe mengde og kosistens...hvis man er veldig sliten og vil ha en forrett fort! (Matprat sitt tips)

    SvarSlett
  2. Lov å jukse ;-)
    Det er berre det at er det ikkje ein masse herda feitt i dei Toro-pakkane?

    SvarSlett
  3. Det står kun vegatabilsk fett på pakkene. Jeg tror de har måttet rydde opp litt i porteføljen pga all negativ oppmerksomhet om herdet fett. Så - jeg tror at den ikke er så ille... men vet ikke sikkert... hjemmelaget er uansett best og tryggest.

    SvarSlett