Middag spesielt tilpassa single og barnlause? Ikkje like lett å servere mannfolk og ungar? Trur nok det.
5 dl oksekraft
1 sjalottløk
1 gulrot
1/4 brokkoli
1/4 pk sukkererter
salt, peppar, chili og kvitløk
Kok opp krafta. (Du kan til nød bruke buljongterning, men då trur eg du kjem til å sakne kjøtt i suppa. Med heimkokakraft er ikkje det noko sakn.) Vask og rensk grønnsakene. Skjær gulrøtene i smale bitar. Del brokkolien i små bukettar. Del sukkerertene i to. Del løken i småbitar. Ha først i gulrot, kok eitt minutt eller så. Ha i løk og kok i eit par minutt til. Ha til sist i brokkoli og sukkererter. Kok ikkje lenger enn at det framleis er tyggemotstand i grønnsakene. Det er ofte nok å berre koke opp. Smak til med salt og peppar, og eventuelt andre krydder.
Med godt brød til, er dette middag nok for meg. Akkurat passeleg for ei dame ;-)
Hei! Flott med mat tilpasset enkeltpersoner!
SvarSlettHilsen studenten:)
Denne oppskriften er kjempekjekk å ha de kveldnene min samboern jobber kvelden, skal absolutt prøves ut:)
SvarSlettKok i veg! Fort gjort - og sunt :-)
SvarSlett