tysdag 30. mars 2010

Matvalg 2010 mars: Born og mat


Matvalg 2010 held fram. I mars er tema: Born og mat. Dette kan eg - av naturlege grunnar - ingenting om! Det finst masse sider på nettet om tema, slik som denne. Men eg skal gjere eit forsøk sia eg har forplikta meg til å bidra til matvalget, vel vitande om at eg kan bli kjølhala av de som kan dette. Om ungar er som anna folk, så trur eg at dette er viktig:

  • Rammer rundt måltida - vi et når vi et. Og når vi et, så et vi.
  • Ein må ikkje ete opp maten sin. Og på den andre sida: Ein må ikkje ete etter at ein er mett. (Det siste bør lesast som eit moralsk imperativ.) Er du mett, så er du mett. Har du ikkje lyst på, så har du ikkje lyst på. (Men du får ikkje sjokolade i staden for frokost, nei.)
  • Grønnsaker. Sukk. Det må då vere noko slags grønnsaker du liker? Rå, kokt, suppe, lapskaus, grateng, pastasaus? Hæ? Ingenting. Nei, då veit eg ikkje. Det går kanskje over? Ta eit eple imens.
  • Brus er ikkje godt for noko; kutt det ut! Brus må då vere den verste faenskapen nokon har funne på? Etter tobakk, våpen, narkotika og prostitusjon. Brus er ei sukkerbombe som gjer deg avhengig og aukar lysta på alt anna søtt. Svineri! For ei flaske brus (vi tel vel ikkje brus i glas lenger?), kan du spise 40 gram sjokolade. Og sjokolade er godt for noko! I alle fall den mørke som har masse antioksidantar. Kva skjedde forresten med saft? Saft som er laga av frukt og bær, har tross alt vitaminar og nokre fine næringsstoff ved sida av sukkeret. (Til hausten skal vi koke saft her på bloggen. Det blir artig!)
  • Skilje mellom kvardag og fest. Nokre ting unnar vi oss fordi det er fest, og fordi mat er eit viktig element i (dei fleste) sosiale fellesskap. (Men eg har visst lese at det er viktig at "det å kose seg" ikkje alltid betyr å ete noko, men om å gjere også andre ting saman.)
    Denne lista funkar visst også for vaksne som har eit anstrengt forhold til mat... I vår del av verda er det mange som har det slik. Born og mat er muligens ei sak for seg, men - utan at eg har peiling på dette: 

    Kan det vere slik at utfordringane i forhold til born og mat,
    eigentleg handlar om dei vaksne sitt forhold til mat? 
    Eller kjem ungane på det heilt av seg sjølve?


    (Det var litt Sex and The City over det siste retoriske spørsmålet, 
    var det ikkje?)


    2 kommentarer:

    1. Hei
      Jeg synes det er kjempe at du bidrar uansett. Hensikten med "matvalg 2010" fra vår side, er ikke å har rett, men å sette fokus. Alle dine lesere har nå fått et lite drypp, og tar muligens dette videre i en diskusjon. Noen plukker opp et triks eller en nettside, andre kommer på noe de ha glemt lenge.

      At du bidrar hjelper.

      Har for tiden ikke kjøkken (oppussing) så beklager tregheten på Ordentligmat.no, Kommer sterkere tilbake.

      Apriltemaet blir "Vet vi hva vi spiser?" og burde vel borge for gode muligheter for de fleste av oss.

      SvarSlett
    2. Lykke til med oppussinga - skal henge med vidare på matvalget!

      SvarSlett