måndag 12. april 2010

Mango lassi


Eg er veldig glad i blenderen min. Den er ein racer! På ein to tre så lagar han skikkeleg nammenam, slik som Mango lassi. Lassi er ein drikk frå India/Pakistan (er det lov å setje skråstrek slik? det er i Gandhi si ånd altså!), basert på yoghurt, blanda med frukt eller krydder og knust saman med isbitar. Lassi passar perfekt etter eit måltid med sterk mat, eller på ein varm sommardag. Men korfor ikkje lage ein Mango lassi til lønsj sjølv om det ikkje har blitt meir enn april på kalenderen?

mango
yoghurt naturell
isbitar 
evt sukker

Som med alt anna godt, så blir lassien akkurat så god som råvarene. Det kritiske punktet her er mangoen. Den mangoen vi får tak i butikkane, er sjeldan nok moden. Umoden mango er skikkeleg kjipt, og det er i alle fall ikkje vits å prøve å lage Mango lassi av den. Eg brukar leggje mangoen i ei skål saman med nokre tomatar - i romtemperatur. Så snur eg og kjenner litt på han kvar dag medan eg smører meg med tolmod og ventar på at han skal bli moden. Det kan ta nokre dagar, ja.

Så altså - du treng ein fint modna mango. Stikk kniven i den spisse enden, skjer rundt heile frukten. Vri sidelengs til kjøttet løsnar frå steinen. Skjer ut steinen, og skjer av eventuelt kjøtt som sit att på den. Bruk kniven og rut opp fruktkjøttet utan å skjere gjennom skalet. Bruk ei skei, ta ut kjøttet og ha det i ein blender. Ha i yoghurt og masse isbitar. Til 200 g mangokjøtt passar det med omlag 2 dl yoghurt etter min smak.  Kjør i blenderen til fruktkjøttet er most og isbitane så knuste som du får dei. Smak. Ha eventuelt i litt sukker og kjør en runde til med blenderen, men er mangoen fint modna, så er ikkje sukker nødvendig.


Ved sida av heimlaga knekkebrød - nam! Velbekomme!

2 kommentarer: