søndag 18. april 2010

"Verdens beste ostekake" ?


Ostekake høyrer med når det er brunch, seier amerikanarane. Når ein først skal fråtse, så kan ein jo gjere det med stil? På dinmat.no kom eg over oppskrifta til det som visst skulle vere den beste ostekaka i verda. Det spørs om ikkje det stemmer, det...


Oppskrifta på det som skal vere den beste ostekaka i verda, finn du her. Det er fleire oppskrifter som liknar på denne, og i dei fleste er også det øvste laget steikt. Eg likte denne varianten med syrleg stivpiska topping. Her er kaka servert med bjørnebærcoulis. Litt frynsete i kantane er ho fordi eg gjorde ein skikkeleg molbogreie med forma, men-men. Velbekomme!

(Nokon som veit om det går å bruke lett-rømme forresten? Ein heil boks sæterrømme...puh!)

4 kommentarer:

  1. Den hørtes veldig god ut, så den må prøves ut:)

    SvarSlett
  2. Det går nok utmerket å bruke lettrømme! Ser kjempe lekkert ut! :o)

    SvarSlett
  3. Dette sår utruleg godt ut. Det må no vel kunne gå an med lettrømme skulle ein tru?

    SvarSlett
  4. Takk for lettrømmeforsikringar; eg skal prøve :-) No har eg lagt til Smatt, Therese - så fin blogg du har :-)

    SvarSlett