onsdag 30. desember 2009

Krokanis

Begynn med å lage krokan. Prøv for eksempel Viestad sin variant av persisk krokan:

2 dl sukker
3 ss smør
2 ss honning
50 g skålda mandlar
50 g pistasjnøtter
50 g hasselnøtter
30 g sesamfrø
1/2 ts kardemomme
1 ts ingefær, tørka
1/2 ts chilipulver eller cayennepepper

Ha smør, sukker og honning i ei panne. Eg fekk ei finfin tjukkbotna traktørpanne med teflonbelegg til jul, og den viser seg å vere perfekt til slik brukt. Smelt til det blir lysebrun karamell på medium varme. Dette er ei av stundene då du skal ha tolmod på kjøkkenet. Ikkje set opp varmen sjølv om det skjer lite og sakte, for plutseleg blir det veldig varmt, og då svir deg seg før du rekk å seie ka-ra-mell. Ikkje rør, men rist litt i panna, så det ikkje festar seg i botnen.  Det heile tar om lag ti minutt. Ver forsiktig - dette blir veldig varmt! Ha i krydder, bland. Grovhakk nøttene, ha dei og bland. La det småsteike i 3-4 minutt. Rør inn sesamfrø. Tresleiv eller silikonslikkepott som toler høg varme, er eigna reiskap. Legg eit flak med bakepapir på kjøkkenbenken, og smør krokanen utover så tynt du klarer. Avkjøl.

Lag vaniljeis. Denne enkle parfaiten blir god med krokanbitar i, denne laga på eggekrem blir rein luksus. Knus krokanen til småbitar, med eit kjevle eller i ein kjøkkenmaskin, og ha den i til sist medan ismaskina rører.

Eg reduserte til 1 dl sukker. Eg hadde i meir mandlar og mindre pistasjnøtter, og så var eg jammen meg fri for sesamfrø, så det vart ikkje med i det heile tatt. Eg var nok i meste laget forsiktig - det hadde gått fint å bruke meir sukker - og krydder, og eg kunne ha laga karamellen endå litt mørkare... Men eg gjorde ein vri og hadde 2 ts Nescafé (utrørt i litt kokande vatn) i vaniljeparfaiten, og då vart det ein veldig god kaffekrokanis til slutt.

Velbekomme!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar